Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/174

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 170 —

eg liksom ikje hadde det rette Lage sitt heruppe, kva det no kunde vera, som var Skuldi —, kannhende det gjorde sitt, at det her ikje fannst Sporv so me fekk setja Kornband paa Stongi. Heller ikje kom Gamle-Hans i Grannegarden og var med aa hogge Jolveden, og det var eg so van med fraa di fyrste eg kunde minnast, at eg tykte det skapte seg ikje rett til Jol fyrr eg saag han kom i Døri, tidleg Joleftansmorgon, for aa gjeva seg med ved Hoggestabben. Det skal ikje stort Bridge til paa det, ein har vant seg til med og held kjært, fyrr ein merker det, og vantar det noko, um det so berre er ein Smaating, so kjenner ein straks Saknaden.

Dei lange Kveldsetune paa Sætri var enno meire huglege og trivlege hell heime, for Far hadde so mangt Arbeid for seg um Vintren; han gjorde tvo svære Skoldetraug han fann Emne til av ei vedonderleg stor Furu som stod att høgt uppi Lidi, og i Beitskogen fann han ein Dag ei framifraa fin-runnin Bjørkerot, han gjorde Tolknivskaft av. Sidan var det so mangt han hadde forr seg dei lange Kveldane, og naar alle sette seg til med kvar sitt og Eldsmaale lyste upp i kvar Kraa i den rumme Sæterstugo, tykte eg det likna Høgtidskveldar. Um so Uvere rasa ute og me høyrde Snøen sopte etter Veggjom, sat me lognt og trygt innan Veggen og hadde ikje noko aa ottast for. Ola var ikje hendt til noko, korkje med Øks eller Kniv, og hadde han ikje Arbeid med aa tvinne Snarur av Hest-Tagl til Rupeveidingi vaar, so sat han handlaus til Kveldvorden kom paa Borde. Eg hadde no i lang Tid nokk aa gjera med aa lesa Fanteboki eller Dagboki aat Miertsching, i den siste fylgde eg so vel med, at eg tyktes sjaa Live fraa Dag til Dag umbord paa „Erebus“ og „Terror“, medan dei laag innfrosne i Isen. Men „Ei Fjeldbygd“ var no den forrmeste av deim, lel, og ingi Bok eg sidan har lesi, har teki meg soleis eller gjeve meg so stor Hugnad. Skildringune av Naturen og Bondelive i Tynnsetbygdi gav eit friskt og levande Bilæte av noko so kjends for meg, at det var som det skulde henda heime i Grendi og paa Sætri det meste, som Boki fortalde um. Og Folki baade dei unge og gamle, baade Karar og Kvinnfolk, var nettup dei, eg raaka til kvar Tid. Eg livde med i allt som