— 169 —
vidt og breidt og eg, som hadde dei beste Stundir, skulde fara umkring aa vitja deim um Dagane. Lenge gjekk det fælande laakt med Fangsti og sist misste eg Trui og tvilte um, at han Ola ikje hadde lært rette Gjerdi med Snaregardom sine. Men so var det ein Morgon eg kom og skulde vitja dei Snarur, me hadde i Vijerkjerri nærast Sæterkvei; og da eg kom farande paa Ski’om, foor det upp ei stor Rupeflygt or Kjerri og — der hekk ei og baska med Vengjom i eine Snaregarden! Eg var brennande kvass til aa gjeva henne eit Drag av Skistaven so ho laag stiv med same, — eg tykte det var hardleg kaldtokka au, aa støkkje Live aat denne kvite, fine Fuglen, men Veidehugen, maa vita, er hardhjarta. Eg stod lenge og strauk den fine Duni i Bringen og saag paa den bjerke Raudliten paa Augbrunom: ein vakrare Skapning hell Lid-Rupa kan du snaut sjaa! Nei da stakk det meg, at no skulde dei endeleg einn Gong faa sjaa heime paa Sætri, au — det skal fulla verta Slutt med aa gjera Gjikk med Maafaa-Ferdom mine. Og so foor eg heim att som eit sterkt Ver og synte deim Fangsti. Da eg kom attende hekk det ei Rupe til i Snaregarden; ho var kald og stiv og ho hadde eg ikje vorte var, da eg tok den fyrste. Sidan tok me ei og annor jamnan fram etter, og fyri Jol var eg og Ola ned i Heidalen og avhenda Fangsti vaar aat ein Kremar, som just i dei Dagom sette Handel der i Bygdi. Ola fekk seg no eitt og anna nytt til Jol og eg let min Lut gaa til Huse, maa vita.
Det var eit trivlegt Liv aa vera i Fjelle um Vintren, og eg veit ikje kva som vinn av Fjelle Vinters Tid og um Sumaren. Ei og annor fæl Uverskule fær ein ikje vande, med Snødriv og Vindstøytar, men det fell no til vanlegt ikje so ofte paa. Kalden er aldri mætande, baade er ein kvitt Snoi og den turre, skoddefrie Lufti kjennes ikje so kald som i Dalen, heller ikje er Kalden yvi ein Lang so høg i Fjelle som nede i Bygdom. Og so er det ingi „Solsvelte“ paa Fjelle, som nede i den trange Dalglipa, — istadenfor at ho heime i Grendi var burte i 16 Vikur, skein ho her tvo, tri Timar den stuttaste Dagen i Aare. Ljosare og lettare var det baade seint og tidlegt og me fann ut, at Dagen i Myrketidi all med seg var ein Time lenger hell i Bygdi. Men Jolehelgi tykte