— 168 —
og da han fekk Lasse ferdigt, sløngde han seg upp paa, smurde paa og kjørde fraa meg nedetter. Det smaaklunka i honom og han saag ofte velnøgd attende paa meg, som sprang etter i den ujamne Vegen — kom eg nære etter fekk Merri ein Smikk av Taumom: eg skulde visst faa bruke Tvofot-Hyken idag! Han let det gaa i kvasst Traav over Vakkersletti og sat hygde seg soleis med, at eg seig meir og meir att, at han gløymde den Tverrsvingen over Bekkefare nedanfor Sletti. Hutsh! — der volt Lassse midt i Svingen og han Ola foor Staalnakke langt ned i Dalgropi og var heilt burte i Snøen ei liti Stund. Bruna stod medsame og da Skjækerne heldt, var det ikje noko meire gali henda; men den som heldt Høgtid, det var eg som kom etter tilfots: eg gav fraa meg ein Gledes-Ul, verre hell ein Haug med Ville som held Krigsdans. Me hjelptes aat som Brør med aa velte Lasse upp att og so fekk eg Skyts, eg au, Resten av Vegen.
Smaakurrur hadde me meir hell ei av, som dei beste Venir lett gjort har; det var ein Ting Ola stødt var so imot meg forr, og det var naar eg snakka Tatermaal paa Ferdom vore i Fjell og Lid. For eg dreiv mykje med aa snakke „Romani“ den Vintren og det kom seg soleis: da Skulen slutta siste Sumaren laante Knut Skulemestar meg tri Bøker han sa eg kunde ha, um eg so vilde eit heilt Aar. Det var „Ei Fjeldbygd“ av N. R. Østgaard, „Reisedagbog“ av Miertsching og „Landstrygerfolket“ av Eilert Sundt. Og i den Ordlista Sundt har i Boki yvi Tatermaale, var det slik Moro aa liggje grava, at eg lærde lange Reksune som eg brukte, naar eg og Ola var paa Tvomanns Hand — for aa brikje med Spraaklærdomen min, maa vita. Men kvar Gong eg bar til aa snakke Romani, vart han eitrande sint, korleis han no kunde ha det — helst trudde han fulla, at eg gjekk og snakka vondt um han, og det var da fælt til Styggedom, at eg, Gutelarven, skulde gaa der aa reide han av so han ikje skjøna eit Ord. Eg maatte alltid vare meg so eg ikje fekk ein under Øyra, men større Moro visste eg no ikje, hell aa snakke Tatermaal aat honom.
I dei siste Dagom av November fekk me ein stor Snødett og etter honom vart det høveleg Kalde, just slikt Ver og Føre, at det skulde vera lugumt aa setja Rupesnarur. Me sette upp Snarur