Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/171

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 167 —

saag eg slog upp Augkvarmane — sume Gongor hadde eg Munn upp au og ba han Ola so sagte, at ingen annan høyrde det, draga tilsjøs paa eit Hampebann so Skurvune stod som eit Driv etter honom. Men elles ikje so mykje, som eg baud til aa reise meg i Sengi etter. Nei da maatte ho Mor leggje seg uppi, og da kom eg endeleg upp or Sengi og fekk Klædi paa meg, drakk Kaffe og reiv i meg nokre Matbitar medan Ola sela Bruna.

Det svidde i Nasen sume Tidir, naar me kjørde iveg og Himilen laag klaar som ein Spil, berre Vergata gjekk som eit Him tvertyvi den vide Kvelven. Stjernune glima og glitra so dei gav eit veikt Ljos fraa seg; Fiskekallane stod yvi Skogsæterdokki som tri Jolljos mot dei hine og beint yvi Langmyrine stod Vangstjerna høgt uppe. Eg drog Raudhuva ned yvi Øyro og gjekk stampa med Beinom etter Sleden for aa faa Yl i den tunne Skrotten min. Naar me berre naadde uppi Bjørkelidi ovanfor „Vakkersletti“ var det verste gjort, for da var det Slutt paa Snoi, og der skremde me jamnan upp Rupur, som hadde netta i Kanten av Mosevegen um Natti. Dei floug upp og styvde som Pilir nedetter Lidi og karra so det lyddest utyvi heile Dalen. Kom me so uppi Vigga leid det gjerne so langt, at det elda vel for Dagen sør i Skarde i Heidalsfjelle, men da møtte me au ei Sno fraa uppi Darthusskarde so strid og isande kald, at det var som aa brenne seg paa Nase og Kinn og Lippune vart so valne, dei let seg mest ikje bruke. Inn i Fjelle, der me hadde Mosen, kom me ikje fyrr det var mestan full Dag, men da var eg mangein Gong so frosen, at det var ei Sæle aa sleppe til aa springe Varmen i seg etter den lange, harde Fonni i Hallingi, eller hjelpe til aa hogge upp Fonni med Øksi rundt Mosehaugen. Fekk me endeleg lesst, var me berre snøgt ein Time um aa kjøre ned paa Sætri att, det var sint Føre og jamne Hallingi all Vegen og me sat paa Mosehaugen, baae tvo, og kjørde i Traav som tvo Stor-Karar.

For det meste var Samnaden god millom oss, soleis, i Morkaferdom, men det kunde au hende, at det bles upp eit Uver imillom. Serleg var det ein Gong i Fjelle Ola vart grovt fortroten paa meg — eg bar meg kjeivute aat med aa halde upp Mosesleden medan han velta Haugen paa. Eg fekk eit godt Drag yvi Fingri