— 166 —
Me skulde da vera liksom Kjørekarar tilsamen, me tvo, og dette
gav me kvar vor Tyding. Hann hadde det so, at Far vilde
ha meg med i Skog og Mork og i Fjelle for at Ola kunde lære
meg lesse og kjøre og allt det, ein full Morka-Kar skal ha lært.
Hann meinte so, at Far heldt seg etter det gamle Visdomsorde,
at det maa tidleg krøkjast, som god Krok skal bli. Men eg paa
mi Side hadde det so, at Far kjende seg tryggar for den vetle,
taslute Kjørekaren sin, naar eg fylgde med, etter det gamle Orde,
at berr er brorlaus Bak. Kven av oss som hadde den heile Retten
paa si Side, skal eg ikje kunna avgjera den Dag idag, eg trur
helst me hadde Rett baae tvo. At han Ola vilde rekne meg for
aa vera nokor Trygd for seg, var ikje ventande, nei da hadde han
nok heller fari moande einsleg um det so hadde vore til Nordpolen,
hadde nokon gjete um meg til Hjelp og Trygd for honom.
Men no, da han liksom hadde meg til Upplæring for aa gjera
ein framkjømd Morkakar av meg, hadde han aldri imot aa ha meg
med um Dagane. Vissa naar han skulde uppi Fjelle etter Mose,
for Mosen var ser-um-lag motskapt den Vintren; fyrst hadde han
vore tekin i Turrver og so hadde det ikje kome somykje Haustvæte
heller, at han hadde frosi ihop. Attpaa allt hadde han drivi
ned mest all, so berre øvste Nebben av Speti synte og naar me
fekk maaka han upp or Snøen, sto han der so tien, at han berre
bivra og skolv. Difor var det ikje bjoande til aa drive under han
tvo Staure og „slaa han upp“ paa vanleg Gjerd, nei, me maatte
drive Staurane under, leggje „Umlag“ paa Mosehaugen, taka
Kast paa Staurendane med Reipi og gjurde han ihop fyrr me
velta han upp. Og til dette Arbeide var eg sneddin aa ha med
seg, maa vita.
No hadde eg heller ikje imot aa vera med uppi Fjelle naar Vere var stillt og fint — berre me hadde sluppi fare iveg so tidleg; men eg lika ikje aa verta rivin upp utor den varme Sengi Klokka 3 um Morgonen. Og difor hadde me ofte ei Rosu med di, eg og han Ola; medsame han reis upp or Sengi kom han med Hoso’m i Handi og ruska dugelegt i meg, men eg letst ikje høyre eller merke noko. Naar han hadde snørt Skoni sine og faatt Snøsokkane paa, so kom han att og da gav han seg ikje, fyrr han