— 13 —
Vinter og som difor reiknast for gamle Kjenningar og Husvenir kvar Gong dei kom paa Garden. Imillom deim var det eit Par Lystringar, tvo Gousdølir og ein „Handels-Svenske“ som stendigt vart mottekne som Gjestir kvar Gong dei kom i Huse. Ein Lesjavær og ein Raumsdøl var au aa reikne for Husvenir og gode Kjenningar. Lystringane var no i Skylde med Far paa Levebrødssida, maa’ta, etter di han sjøl hadde vore Fe-Kar i so lang Tid; Lesjingen var Reinsskyttar og det same hadde Far vore av all sin Hug, og difor var det stødt som dei skulde vore av same Folke naar dei raakast. Men Raumsdølen, han var Bjønneskyttar og vann seg baade Vyrdnad og Gjestevenskap med dei digre Bjønnom han hadde lagt ned i sine Dagar. Eg veit eg tykte det stod Age av den Mannen, meir hell av nokon annan Sildekremar fraa Raumsdalen, og soleis var det fulla med han Far au, vissa fysstundes dei raaktest. Da det leid lenger ut i Leiken og han lærde aa kjenne Mannen noko meir, bar han til aa faa Tvil i seg um dei meste av desse Bjønnesogom. Men dei var no like fine Venir, dei tvo, difor, um Raumsdølen kannhende sette i han Far ei Tylvt eller tvo med Skyttarlygnir. Mannen var ein Mestar til aa fortelja med ei Bragd so vørdsleg og sannsøgeleg, at ingin kunde tvile paa eit Ord for di Skuld og han rita av Lende og Landslage so gløgt og levande, at du tyktes sjaa Tuvur, Einkjørrir og Bergskryntar. Siste Venda han foor med Sild og Fisk, kunde han fortelja, at han hadde lagt ned eit grovt Abeist til Bjønn um Hausten, „han heldt sine tri Kvart myljo Øyrestolaa so visst so ein Tomme“. Same Venda selde han Far 2 Skjeppur med Raumdals-Havre; men da drog det nord og ned-til med baade Vørdnaden og Venskapen. Han skal vera so urimeleg glup til For, stor og foldom i Halmen, den Havren, maa’ta, og han Far saadde desse 2 Skjeppune paa eit Stykkje torv-vend Voll —: der skal han koma til aa like seg, tenkte han Far. Men da Havren kom til Skils-Alder um Sumaren og fekk Kaape og Agnir paa seg, var han ein gamal Kjenning —: ein ægte Norddøl av de Slage me hadde ali paa i Bygde gjenom alle Tidir. Vintren etter var det ein annan Raumsdøl som kunde fortelja, at dei 2 Havreskjeppune hadde Bjønneskyttaren bytt aat seg for fersk Kveite av Bror hans Far burtpaa Sell. Sidan foor ikje Mannen igjenom Grendi meir;