— 165 —
gjæte alle mine Steg um Dagane og sjaa etter, so ingen bøygde eit Haar paa mitt Hovud. Seinare ein Vinter dreiv me tvo og kjørde med ein stor, blaa og kollute Bukk eg hadde; me hadde stor Hugnad av det i lang Tid utetter og gjorde Ferdine lenger og lenger. Men han likte seg ikje, Bukken, naar me kom langt fraa Garden og ein Dag me dreiv han langt sør um Jorde, sprang han „avlaus“ paa Heimferdi, reinska seg for allt so baade Kjørekarane og Kjøreambodi laag att paa kvar sin Stad i Vegen. Jau, me var nok gamallt kjende eg, og han Ola, maa vita. Fyrr i Tidi; men det var eit heilt Æve sidan, skal tru, og no hadde han vaksi reint fraa meg og vilde ikje kjennast ved meg alle Tidir. Kom eg til aa minne han paa gamle Dagar da han hadde Vergemaal yvi meg, eller den Tidi me kjørde paa Traave med „Blaakollen“, so letst han korkje høyre eller sjaa meg, um det var vaksne Folk med oss. Som ventande var — han hadde no trødd Barneskoni sine, hann: ein Sumar hadde han gjætt Fe til ein Lystring i Heimdalen og eit heilt Aar hadde han tent paa ein Gard heime i Grendi. Likevel kunde han imillom naar me var paa Tvohand, gjeva seg med i det barnslege eg foor med, ja han kunde sume Tidir gløyme so heilt burt at han var vaksin Kar, at han gav seg med meg og var Gutunge att baade i Ord og Aatferd. Slike veike Stundir angra han visst paa, for etterpaa voks han tvifall upp att og var so gamalklok og utvaksin Øgti igjenom, at det mest ikje nytta meg aa snakke eit Ord til honom. Eg var ein Vill-Bi av argaste Slag i dei Dagom og eg var ikje styvnar, hell eg saag denne Striden hans Ola millom Gutungen, som enno hekk i honom, og den vaksne Karen, som ikje hadde røta seg vel enno, og difor var det meg ei grepa Moro kvar Gong eg kunde faa han til aa gjera eit Fall ned i Lægdi aat meg og Barndømi att.
Attaat Karslegdomen sin var Ola lunfengin og ser, han kunde gaa og ylme seg og sjaa ut som ein muggin Klubb for den laakaste Smaating, og denne veike Sida hans fann eg au paa laga meg Moro av, naar det ikje var noko anna aa taka til. Eg kom snøgt etter med, kvar han hadde dei saare Flekkine fine, og berre eg gnudde lite paa deim, so hadde eg straks den sure Talskiva hans til eit Umbyte naar Tidi fall lang og kjeidsamd.