— 164 —
Sætri med Rubb og Stubb, ein Vinter, og setja Laas for Dør heime paa Garden dei Vikune. Og da dei var ferdige med Slagtingi og hadde treska og mali, so Huse var berga til det leid ei Rid fram paa det nye Aare, barst det tilfjells med Folk og Fe da det vart bergelegt Sledeføre etter Vegjom og Lunningsføre i Høgdom. Eg hadde gledt meg paa Sæterlega heile Hausten, det var dei vedonderlege Skiløypune deruppe, maa vita, som stod i Hausen, og vilde Ola, Tenestguten, gjeva seg i Lag med meg, soleis som me hadde raadlagt oss um det, so kunde det verta vonoms meir av di med Rupeveidingi, attaat. Ola hadde no lært aa setja Snarur, han, og da eg var med Far paa Sætri ei Snarferd fyrr me fløtte upp og me laag der Natti over, karra Rupa rundt heile Kvei um Morgonen i Graalysingi. Det maatte no vera for Feigdi si ho karra, da, tenkte eg.
Med Ferdi gjekk det baade godt og vel, so paa det næraste aa kalle for — det vart lite Vangel med nokre Sauir og 3 Kalvar paa Vegen, og for at Tenestguten kunde koma lous og halde Rettbøti med dessa, skulde eg taka ein Temmingsgamp i Grima og leide etter Lasse Far kjørde. Og Temmingen han var den, som gjorde det surt nok for meg: den siste Stubben av Vegen var det dugelegt uført og Temmingen var lang i Beinom, medan eg var heller stutt i Klufti. Ikje vilde han gjeva Dag og so var det Tak um anna han heldt paa traakke meg under seg i Snøen. Da me kom fram var eg so sveit at det rann af meg og so trøtt og endin, at eg skolv i kvar ein Lem.
So var det aa koma paa Stell baade ute og inne; Far og Ola kjørde upp Morkavegir etter Beit og Ved og var uppi Fjelle etter Mose, og da det var unda-gjort vilde Far, at eg skulde vera med Tenestguten um Dagane naar han var i Skogen eller Fjelle. Ola var 17 Aar gamal og nauande litin paa Vokst so eg, som berre var paa tolvte Aare, var mest likeso høg. Men var han ikje stor i Voksten, so var han det i Ordom og karsleg og byrg som ein Ovest — berre naar han banna, og det gjorde han for annakvart Ord, so gjorde han det so Me’golve lyftast. Me var godt kjende fraa fyrr eg og Ola, for den fyrste Vintren eg gjekk i Skulen var de hann, som liksom var Vergje for meg og skulde