— 165 —
Ved og atten til Fjos og Stall der, de ikje just var Nødslevatten like ved Husi. Skulde Kjørekaren attaat lunne Timber, som skulde heim paa Garden, eller anna Skogfang, so maatte han ha med seg ein Pjank, mesta ein Framveksting; det var den vanlege Skulen dei gjekk, Tenestgutane, i gamle Dagar, at dei byrja aa kjøre ein Hest i Mosefjelle og Beitskogen, naar dei var ferdige med Boki. Baade Budeie og Kjørekar hadde nok aa gjera paa kvar si Leid; men Live i Fjelle var baade friskt og fritt, so det henda ikje ofte dei vantrivdest med det. Det skulde da vera naar det var ein uroleg Vinter med Vind og Snødrev so gale, at det sume Tidir hende, at baade Ku og Øyk lout staa forutan Mat eit Døgn av di, det ikje stod i Folke-Magt aa koma ut til deim. Dei lange Kveldane umkring Sæterpeisen brukte Kjørekaren til aa halde Morka-Ambodi med Lag, eller han gjorde Sledar og Stuttingar av Nyo, og var han ein Kar med Handlag, so gjorde han utskaarne Treskeidir og Sleivir og anna slikt, han fann seg Emne til i Skogen. Inn mot Jol maatte han heim i Bygdi etter „Jolkost“ og da kom han att med noko av kvart av allt det gode, dei heime paa Garden hadde laga seg paa med til Helgi, baade Lutefisk, Kaku og Sylte og ein Dram til Maten, Joløl bryggja dei jamt sjølve, for dei hadde jamnan Bryggjegogn paa Sætrom. Og i Jolom var de Skikk, at Budeiune og Kjørekarane foor paa Gjesting imillom ein annan i dei Sætrom, som ikje laag alltfor langt fraa kvarandre. So det var ikje noko utrivlegt Einbuarliv just, dei livde dei Vikune Sæterlega varde. Ho varde jamnast til over Kyndelsmess og derumkring etter som Høyaare hadde vore og etter som Mosen rokk til. Av all den Beitbjørki som var heimkjørd um Vintren stod det att ein diger Kost i Solveggen ved Fjose eller Stallen, og av den vart det glup Ved til Sumars.
I seinare Tidir sluttar Folk meir og meir med aa liggje paa Sætrom, dei held baade Sæterlega og so mangt anna, Umstødune i Fjellbygdom fraa gamal Tid har skapt, for aa vera forrgamal og „utlivd“. Kor rett den Meiningi er kan vera heilt paa Voni.
Heime hadde me berre stutt Veg til Sætri og difor kjørde dei til vanlegt Høye heim paa Garden, men Far hadde no fraa fyrst av vori van med Sæterlega og so vilde han me skulde fløtja paa