Sæterlegu um Vintren.
I sume av Norddalsbygdom har dei fraa eldgamle Tidir brukt, aa liggje paa Sætri um Vintren solenge Sæterhøye varar; helst var det no i dei Sætrom, som laag so langt burti Fjelle at det var forr-langt aa kjøre Høye tilbygda, at dei brukte Vinterlegu. Det var no ein Grunn, men ein annan var den, at paa den Gjerdi fall det gjildt Træde aat Sæterkveom so dei bar godt paa seg. Og so er de oftast ikje mykje langt uppi Høgfjelle etter Mosen, og den er ein glup Vedskaute til det feite Sæterhøye; attaat kjører dei heim paa Sætri Fjellbjørk som Bølingen gaar ute og bit Rise av og denne „Beiti“ er hellerikje noko laagt Vedfoor. Fjellhøy, Mose og Beit er Fooring som Ungfee kjem seg godt av og glupare Driftefe, hell i dei Grendom dei ligg paa Sætri um Vintren, er ikje aa faa; Ferdine burt og heim millom Garden og Sætri um Vintren og sidan det, at Fee paa Sætri kvar Dag gjekk ute og beit Ris, gjorde det hardbali og hardsett. Det fekk baade frisk Luft og Ljos nokk og fekk røyve Kroppen istadenfor aa staa bundne inne halve Aare i eit myrkt Fjos og paa ein trong Baas. Soleis var det ikje aa undrast over, at Ungfee kom seg av Sæterlega.
Naar det leid over Helgumess senda dei Bølingen med Smaatt og Stort uppaa Sætri og hadde att berre so mange Mjølkekjyr og Hestar heime paa Garden, at dei var vel berga til Husbruk. De vanlege var, at ei Budeie stellte Krøturi og ein „Kjørekar“ stellte 2, 3 Hestar og nokre Unghestar, kjørde heim Mose, Beit og