Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/164

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 160 —

og hadde vorte so høg Hamp av det, at dei kunde skilja han fraa Ugrase som dei laut reinske utor. So fekk han syte seg sjøl til sist i Hovonni, da dei passa paa aa „galde“ Hampeaakren; um Hausten reiv dei han upp, turka han paa Staur hell i Hesj, „dundra“ han og bar han paa Trev eller lagde han paa Hampegalgen. Neste Vaaren naar Vaaronni var gjord, breidde dei Hampen tunnt ut yvi den jemnaste Ruskemarki, dei kunde finne innangjerds; laag han so der i nokre Vikur og „faaddest“. Da var det Soli, Væta og Vere att, som lout tære og morkne Tre-Toe, medan Tagltrevlune heldt seg og vart seigare og seigare og losna fraa dei halvmorkne Stilkom. So laag den faadde Hampen ei Tid att paa Treve eller Hampegalgen til Haustdagane kom og Braakingi bar til. Da maatte han fyrst paa Turrstuguhjellen so Vedstilken vart knasande turr, og so bar det under Braaki med honom til Agnerne gauv og skilde seg heilt fraa Strui. Etterpaa kom han under Skalda og der skildest dei siste Agnerne fraa, allersist foor han gjennom Hekla og da var Strui og Tagle skilde au; av den stutte og meire grove Strui spann dei Strugarn, dei vov Strie av, men av det lange og fine Tagle spann dei Taglgarn og vov Hampeleret. Taglgarne brukte dei au til Skreddartraad, Skomakartraad, til Fiskegarn og kva dei elles hadde Bruk for fin og sterk Traad til.

Etter som Braakarann fekk Hampen „tilgjord“ lagde dei Stru og Tagl kvar for seg i „Brugdur“, kvar so stor som dei kunde halde ho millom Tummen og Langfingren. Tolv slike Brugdur batt dei so ihop til ein „Tolvbrigding“, og han saag ut paa Lag som ein „Garnbundt“ no ser ut.

Ut paa Vintren, naar Kveldane vart lange, fekk Struspinnarane Arbeid med aa spinne Stru og Tagl av all den tilgjorde Hampen paa Gardom. Dette var det vissaste Arbeide for so mang-ei Kjering burti dei Hyttom, der det galdt aa føde seg med Handarbeid det meste av Tidi den lange, svarte Vintren. Arbeide var seint og kjeidsamt og Betalingi liti, berre 3 eller 4 Skilling for Marki, og det meste ei god Spunekjering kunde vinnast, naar ho sat og naudkila Dagen igjenom, var halvonnor Mark. Men noko er betre hell inkje, og so var no alltid dei meste av Gardmanns-