Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/163

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 159 —

møyke Hampen under Braaki, fortalde ho um ein ung Mann av Skyldfolke til Mannen hennar, som hadde faatt slik stor Mothug til Kjeringi si, at det baud honom imot kvar Tid og Stund aa vera i Hus med henne. Ja, han hadde aldri havt nokon Hug aat henne, for han var beint ut imot henne medan ho var Jente, au — men enda vart det Parfolk av deim! „Men, kjære vene, korleis kunde det koma seg, at dykk vart gifte, da?“ spurde ho Marit, ein Gong han fortalde henne um Elendugskapen, han var i. „Aa det var denne stygge Mor hennar, som fekk det til, ser du,“ svara han, „ho sto etter aa faa oss ihop, ho, og ein Sundagsmorgon skjenkte ho meg ein Suludram og etter di var det akkurat, som det ikje skulde vore Raad for meg aa undgaatt Gjiftarmaale. Ho er Trollkjering Mor hennar, ser du.“ „Slikt er stygge Folk — Gud fri alle, sejer eg!“ sa Aarhauga og hakka svert med Nebben.

Etter desse fall Røda deira um noko eg ikje kunde faa Tak i, dei snakka i Gaatur og so laagmælt, at eg fekk ingi Skilgrein paa Meiningi anna, hell naar Aarhauga bad: Gud fri Folke, sejer eg! Skulde detta vara ved, var det best aa gaa sin Veg, men da kom ho Marit Rusten til aa nemne ho „Ragnhild Syster i Nordland“, og at det var ein Gong det henda henne noko underlegt burt-paa Kvernbergmo’om. Jau, ho hadde lagt seg paa ei Tuve, ein Dag ho gjekk og gjætte, og Svevnen hadde runni paa ho; best ho laag kom det ei blaaklædd, framand Kjering aat henne og ba ho følgje seg. Ho Ragnhild bar seg unda, sa, at ho maatte heim att og bar til aa gaa paa Heimveg. Men Kjeringi fylgde med og vilde ikje gjeva seg, „me tek over her,“ sa Kjeringi og peikte paa Elvi. „Nei, i Jøssu Namn!“ sa ho Ragnhild da Kjeringi gat paa taka aat opne Elvi, men ikje fyrr var dei Ordi sagt, so var den blaaklædde Kjeringje som sokkin ned i Jordi og da ho Ragnhild saag til, var ho mest heim komi. Men ei heil Viku etter var ho som døgervill og rar og gjekk berre gret. Eg gløymde Ikornfellom mine og stod med i Hampebraakingi, Dagen igjenom, som eg skulde havt Betaling for det.

Det var no Moro aa sjaa au, korleis det gjekk til all Vegen med aa „gjera til“ Hampen —: der saadde dei Frøe um Vaaren og mylda det ned i Jordi. Leid fraa nokre Vikur var det attkomi