Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/161

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 157 —

Umtanke. Dagen fyrr hadde eg høyrt Ein kalle Aarhauga „Dropekremar“, for di ho alltid hadde ein blank Drope hengjande i Nasetippen, ja ho høyrde ikje Ordi, men no tenkte eg, dei skulde koma til-nyttes. Difor svara eg spakferlegt: „ja; og du driv aa sel Dropar so tidlegt?“ Med desse var me Godvenir med same og eg kom i Arbeid med aa leggje Stru-Brugdune inn i Turrstugo for kvar, som vart ferdig, og med aa hente nye Hamphendlur aat deim — med di slapp dei aa staa upp fraa Braaki so jamt. Eg fann meire Moro i desse hell aa staa stampe i Lauvlesten um Dagane, og vart eg leid det, so var eg ikje fastare bundin her: eg kunde gaa og vitja Ikornfellom mine kva Bil eg vilde.

Elles var det ikje stuslegt umkring Aarhauga; ho var kjefta som eitkvart Illt og lentug, attaat, snøggtenkt og snarsvarug. Naar ho snakka, og det gjorde ho mest stødt, hadde ho ei underleg Smaahakking med heile Hovude for annakvart Ord; det var fulla eit Slag Krampe ho hadde i Nakken, men eg laut stødt tenkje paa Hakkespetten naar han „hakkar paa Stubban harde som Horn“. Den tunne, kvasse Nasen i det lange bleike Andlite, minte au lite um Hakkespetten. Aarhauga hadde Ord for, aa ha ei leid, vond Tunge, ei stor Ralskreppe som gjekk med Sladder og skapte Usamna og Leidt millom Folk i Grendi. Og meir hell ein Gong spøkte det for, at ho skulde faa Kjeften sin i Klemba, men, naar det saag som verst ut for henne, hadde ho alltid eit Led eller ei trong Smette ho smøygde seg ut etter og berga Skinne sitt. Vel-lika var ho ikje i Grendi, men ho var ei førandes Arbeidsmenneske og skapte noko Liv umkring seg der ho foor, og difor skydde ikje Folk ho just, heller. Dette Leite var ho um Lag 35 Aar gamal og ugift; men ho hadde havt Tvillingar da ho var vel vaksin og det eine av deim livde att, so ho hadde ei Dotter aa syte fyr.

Den andre Braakaren var Husmannskjering heime, noko tilaars og ei dugande, paalitande Menneske. I sine unge Aar hadde ho tent nokre Aar i Trondhjem og med di faatt set noko meir av Verdi, hell dei fleste av hennar Liki i Grendi. Mor hennar hadde vore ei søkt Aatgjerdskjering og ho kunde mæle for Gulsott, Maarsott og Svinsott, gjera aat for Vre, hogge utur Rena og lesa Sand av Augom. For Krøtursjukur var ho au raadug og kunde