— 12 —
leg snøgg Ferd. Dei maatte ha Kost for heile Ferdi med heimanfraa og naar det da var ein Huslyd med mange Menneskjur, hadde dei ei Føring med so det var grovt. Ambodsting drog dei au med seg, Øksir og Grev, Skjeru og Ljaa og det henda dei tok med seg Plog, ja Slipestein, tessmeir. Orde gjekk, at all slik Ambo var so dyr i Amerika og so tykte dei det var best, aa vera sjølvhjelpne, enda dei ofte betalte likso mykje i Fragt som Ambodi var verd.
Amerikaferdine var so uvande enno, at det var som eit Storhende, naar det kom „Amerikafolk“ farande; det stod slikt hardt Ord av den utrygge Reisa yvi Have og me hadde høyrt um so mange, som hadde halde paa aa sett Live til av di Uver og Vinn hadde gjort Ferdi so langvarug, at all Mat dei hadde umbord vart Ende. Difor tykte me alltid det var tungt og uhøgt aa sjaa desse, som var paa denne vaagsamde Ferdi, og mange sae, at ho likna ei Likferd; „det er tylegare aa sjaa ein fer til Gravi hell aat Amerika“, var eit jamnfari Ord i dei Dagom.
Ein Dag fysst i Mars kom ein Huslyd paa 7 Menneskjur fraa Lom og var paa Amerikaferd. Mannen var umkring dei otteti Aar og hadde vore gift 2 Gongur, siste Kjeringi var no med og var enno i dei beste Aarom medan Mannen var baade krokut og kruslen, drivkvit i Haar og Skjegg og tunghøyrd. Med kvar av Kjeringom hadde han faatt ei svær rosemaala Sledekiste i Heimafylgd; dei hadde han no teki med til Føringskistur. Dei var framifraa velgjorde med uthoggi Smid, Hankur og Laas av fysste Slag og Far gjekk og saag paa det vakre Arbeide og tykte det var underlegt, aa sjaa dei paa den Vegen. Den gamle Mannen hadde 5 unge Døtrar med, 3 var no berre halvvaksne aa kalla; Kjeringi sjøl og 3 av Døtrom var ved fritt Mod, men tvo av deim sturde og var ofte paa Graaten. Me tykte det var reint tungt alle, da dei takka for Kvilande og foor vidare. „Ja Gamlen ser visst ikje det nye Lande i Live,“ sa Far. Det var ofte snakka um denne Huslyden heime sidan utetter Vaaren og næste Vinter fekk me høyre, at Far spaadde rett — den gamle Mannen fall av paa Storhave.
Av dei langfarande utanbygds Folk som ferdast gjenom Grendi dette Leite var de sume, som foor Aar etter Aar til kvar