Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/159

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 155 —

fra Kjeringom kjem i Flagevis, det er reint som „Komeli“ under Gamle-Laaven i Morgenstundi — naar Arbeide er fraa seg gjort kjem dei ut krupande, eldraude i Kinnom, bustute paa Haare og Lauvsbladi staar ut og inn alle Stadir i Klædom og i Haartafsom.

Tilslutt tykte eg Lauvrakingi vart hardleg langdrug — det var ikje Gjerd paa aa ha Ikornfellune sine staa-ande uvitja ei heil utlang Viku, og eg skulde ikje graate, um det kom ei dugeleg Regnbløyte og gjorde Ende paa heile Leiken. Men Vere saag ut til aa vilja staa med Lag — mildt som høgste Sumaren midt paa Dagen, so Myggen dansa reint stinn i Smaakjerri burti Skogkantom. Da me i Skymingi kom ut av Skogen med siste Lasse um Eftan og kom fram paa Bakkebruni, var Himilen so myrk blaa nordyvi Skagsnebb og Salhøi, som han kan vera høgste Sumaren i stødigt Godver; utyvi Hovdaspiggen, høgt uppe, seig nokre ljose Skyflokar med gulbrune Kantar, Elvesøgen lyddest heller veik som han alltid er i fast, godt Ver, og ned fraa Lidom stod ein og annan mild Vindblekten. Dalen, kor trong han no elles er, var fager i den fredsame Haustkvelden — antell ein vilde eller ei, kom ein i Godlag — um Sumaren med allt sit yrjande Liv no paa det næraste var burtkvorvin, so kan ein slik Haustkveld likevel vera fager som ein Draum.

Men Vere dette aarsens Leite er tunnt aa lite paa og i den lange Haustnatti kann det snu seg til paa mange, utenkjelege Gjerdir. — Um Morgonen laag Hela yvi allt og Telen so hard, at han bogna ikje under Hestehovi. So vart det da ein Gong Slutt paa Lauvkjøringi den Hausten au; men ho Mor snakka med tvo av Lauvrakarom um aa faa dei til aa braake Hampen um eit Par Dagar, so det kunde verta undangjort fyrr Snøen kom.


Vere brytst millom Godver og Kalde, Nætane er kalde med tela Jord og Hele til kvar Morgon, men sume Dagar kan vera so milde, at Hela gaar og Telen tynnest. Nauti gaar enno aa gneg um Dagane, for dei vil so endeleg ut allt medan dei ser berr