Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/158

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 154 —

Vere held ut, held Lauvrakingi ved — det ligg store Lauvhaugar yvi all Mork, i alle Skortar der Riva kan gaa. Sume Stadir finn me, som kjører, Haugar i Ulende og Trongrømi, so me maa rydja oss Veg inn til dei med Lesten baade med Øks og Grev. Me lyt stræve med aa snu Hest og Slede i dei verste Trøngjom so Sveiten silar, tøygje og slite og draga Lest og Slede attyver millom Stein og Stubbar — Oldregreinine stryk av oss Huvune og slær oss i Andlite so det svider. Med allt Stræv me hadde med aa koma inn til Haugane med Lesten, var det tilslut ikje ein skapleg Flekk aa finne, som Sleden kunde staa paa, antell stod han paa halvt Hall eller hekk han upp og ned. Kjørekaren er eldraud av Mas og Sinne og bannar Kvinnfolki so det lyser — dei Gjeitehovudi, som gjerer Formon aa legg Rakelauv-Haugane midt i ville Urdi og Ulende! Skulde det kosta det Pakke so mykje, aa ha lagt Haugen ei Maalstong længere ned, so kunde me kjørt inn til Haugen foruttan aa teki i Sleden ein Gong!

Allt har me eit Lauvstaal paa 30, 40 Lestar under GamleLaaven — for ikje aa koma av Reikningi skar me ei Skaaru med Tolkniven i Lestekanten, for kvar ein me tømde. Det vide, tjukke Staale ruver, so det kunde sjaa ut til ikje aa kunne gaa gjenom Kuvombi til-vaars, men Dagane er mange og Maali er fleir, maa vita, og difor driv me paa og kjører, Øgt etter Øgt. Ei so stor Mengd med Rakelauv er svært fengi til aa „taka aat seg“ um det er vel turt au, det finst alltid ein og annan raa Dodden og naar Staale vert liggjande nokre Dagar, set det paa og „brenne“ allestadir, det finnst nokre raae Fangur. Detta lyt ein gjæte vel etter og „kjenne aat“ det baade seint og tidlegt; imillom lyt heile Staale kastast um og i siste Liten Laurakingi varar, lyt alle Lauvfolki ned i Lauvstaale Morgonverdsøgti for aa kaste det um: grava seg heilt ned paa Botnen og kaste Lauve laust upp bakum seg. Soleis fer dei gjenom heile Mengdi for-ende, og kvar Gong dei raakar ein Flekk som har „dregi hardt aat seg“, staar kvite Eimen ende upp med ei Lugt som av det finaste Kakudeig. Det er stridt Arbeid aa kasta um eit tjukt Lauvstaal, men det gaar med Leik og Moro, dei driv Ap med ein annan og kastar Lauv so Drive staar fraa deim. Den granne Jentelaatten og den kvellare Laatten