— 155 —
gjera so mykje, at det vert ein Brune etter som vara baade Fjordungsaare og Halvaare, fyrr han sloknar. Heime i Huse kan det vera mangt som held att, so ikje Logen fær slaa ut, men lyt døyvast og dembast til ein god Dag kjem og Høve byd seg til aa sleppe laust. Og eit slikt Høve kjem som det skulde vore utreikna, naar Lauvrakingi ber til — da tek det Tak aa halde Uppgjerdsle, for da er det ingen til aa leggje seg imillom eller skvette Vatten i Eldmørja. Men so kann det au gaa heitt til inne i den stille Skogen, den Stundi Ufreden rasar, og Skarnsord og Sneidord fer som Skjektur imillom medan Sinne lyser og gneistar under Brunom.
Var det noko slikt i Verbragdi naar Lauvfolke samlast um Haustane, braut det alltid laust med Tor-Slaatt og Hagl-El fyrste Dagen. Med det same Sverdi bar til aa blenkje, kunde nok dei, som stod utanfor tykja det var Moro, men jamnast lagde det seg Tyngsle og Illtrivnad paa heile Flokken og enda med, at alle vart gaa-ande tagalle og ikje fann Ord til aa setja Samrøda i Gong att. Fram mot Dugurdmaal gjekk heile Lage som med ein tung Skoddehimil yvi seg, utan ein blaa Flekk eller ei Solstrime — sume venta seg ei ny Uversrid, men da let Matklokka fram paa Garden og Ljomin lyddest klaar og lett i Haustlufti, kalla Lauvrakarane heim til Maals. Og det er forunderleg korleis den Ljomin kan lette og blidge ein vond og tung Hug, Panna klaarnar og Dragi mildnast. Det skjyt upp Tankar um ferske, varme Poteter og Blandasmør med Næpegryn attaat og um Grutkjelen, som allt er hengd paa Skjerdingi naar Lauvfolke kjem i Døri. Det er mest som det Vonde driv fraa so det ikje vert att noko ylmast for, no, Uppgjerdsla er gjord — Verdi er vrang, det er ho, men Syndarar er me no alle og den, som det ikje er noko Illt i, er det ikje noko Godt i, heller. Lufti er rein vorti; alle fær det andsamt med aa finne kvar sit Fange med tur, god Oldrekvist dei vil syne Kjeringi Godvilje med, bryt Oldrekvist so det knakar og fær Maale upp att baade til Lent-Ord og Laatt. So tek dei upp Framluten av Stakken og sveiper um Kvistfange, og um lite kjem det ei Rad med Kvinnur, berande eit digert Skjor-Reir framantil og som dei læsser av bakum Peisen fyrr dei gaar tilbords.
Dag etter Dag ei heil Viku og lenger au, sume Haustar, naar