Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/156

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 152 —

som er farin. Til vanlege Tidir er alltid Live i ei liti Grend som ei opi Bok alle les i, og det er berre i dei Høvi, naar kvar er bundi heime hjaa seg, ho liksom vert ihopslegen. Da er det so mykje meir forvitnelegt aa slaa ho upp att, naar Tidi kjem.

Dei unge Jentune som var med i Lauvrakingi heldt seg helst samen i eit Lag for seg i Fyrstningi; dei hadde no Sumarlive sitt aa fara igjenom med kvarandre, maa vita, til aa byrje med — antell dei no hadde vore Budeior paa Sætri eller Rekjarar i Slaattonni. Kvar hadde alltid upplivt eitkvart, i den lange Sumaren, som det var Moro og Hugnad i, mangt var so forlivande løglegs, at dei log seg mest forderva, og den glade Jentelaatten gjekk i friske Kvirvlar inne i Oldreruistine. Til andre Tidir hadde dei so løynde Ting imillom seg, at dei stakk Hovudi tett samen og kviskra, for at ikje dei graae Oldrane ein Gong skulde faa Tak i det og bera det paa Viddi. Var det ikje anna, hadde dei aa halde ihop med einannan dei nye Ljos-Turklædi sine, for aa sjaa kva som høvde best, antell soarte Gange med prikka Botn, brune Gange med smaarosa Botn eller raude Gange med ljosgul Botn. Det var no alltid Skil paa korleis Turklæde sto, etter som ei hadde ljost eller myrkt Haar, og dei skifta Turklædom ei Øgt imillom for aa sjaa kva Lit, som best høvde kvar av deim.

Kjeringune og dei eldre hadde no andre Ting aa snakke um og tenkte ikje ein Gong etter, korleis dei tok seg ut paa Hovude dei gulruta eller dei raudruta Svensketurklædi, dei gjekk med. Til aa byrje med hadde dei Krøturstelle til Vintren, kor mange Naut dei fekk aa føde fram, um det vart „svart“ for Mjolk i Huse og mangt anna som ei Husmor har i Tankom, naar ho skal bu seg paa den lange Vintren. Og fraa sine eigne Sakir gleid dei inn paa Live og Høvi aat dei andre i Grendi og nærast umkring, Umskifte og Umbrøytur som hadde vorte, og kva som fyrst fall seg.

Av og til henda det, at desse tylege Dagane i Lauvskogen byrja paa ein heilt annan Vis, hell med Fred og god Samnad. Verdi er alltid lik seg sjøl og Menneskjune med; i ei liti Grend der alle mestom til dagleg ser inni Stugo aat einannan, kann det so lett slenge til, at Eitt slepper fraa seg eit beiskt, halvt utenkt Ord som set seg i Vrangstrupen hjaa eit Anna. Men detta kan