Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/155

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 151 —

dei so Riva gjekk som i ein Foss all Dagen; Haustdagen dette Leite er ikje langt aa koma med, maa vita, og difor lyt ein onne seg skal noko verta gjort som er Mon i. Soleis vart det lite og inkje til Kvild etter Maten og aldri nokor Øgtekvild, heller; men i Godlag var dei og du høyrde Laatten runde i Skogen fraa deim tidt og jemnt um Dagen. Fyrst kann det no vera tylegt soleis inne i den stille Skogen ein mild Haustdag, so lognt og fredelegt, at allt Braak og Stim ikje naar til aa gjera Uro — ikje ein Gong Søgen fraa Elvi og Fossen trengjer dit inn. Det høyrest ikje annan Ljod hell Raslen og Tuslen i det knusketurre Olderlauve under Riva — ein Gong imillom kan det koma ein Ikorn springande, som er ute og leitar seg Sopp, han festar i Oldergreinom og som han brukar til Føde um Vintren, naar det vert smaatt um Maalbyte. Han skvett i naar han med eitt fær sjaa Lauvfolke og braarenner upp etter ein høg Oldre med Smatting og redde Smaaklunk, set seg so heilande still øvst upp-i Toppen og ser etter, um det er noko vondt dei vil honom, alle desse Kvinnfolki. Eller det kan koma flugande ein Graatrost som er vorte att etter Ferdi og enno ikje har havt Framferd til aa slite Lag med Sumarvero si, solenge Vere held seg godt — han skrattar paa ein annan Vis no, hell i Vaar, og er meire sagtferleg av seg. Stort anna er det ikje til aa skiple Freden der inne i Lauvskogen og denne Skogstilla har ei sers Tye ved seg.

Ja stillt er det haustdags i Skogen, og gjennom Stilla skjelv det som eit hugillt Drag; naar ein Vinngust ein Gong imillom gaar gjenom Tretoppane, lydest det som ein saar Sukk for, at Sumaren skal vera so stutt, alltid.

Og nest etter denne hugtakande Stilla og Freden Skogen eig, er det baade Moro og Gagn i aa kunna koma tilsamen i Arbeidslag, soleis, for nokre Dagar — da kan ein faa spørgja Nytt fraa ymse Leidir og faa røde i godt Trumaal med einannan baade um laust og fast. Til denne Tid har Haustarbeide heime vore so stridt, at det har lagst meir hell nokk til med di, og Live elles, baade i Grendi og utanfor, har fari sitt eigi Hald. Men i ei slik Samkoma fær ein mest som glytte ut um sine eigne Stugunovir att og sjaa, korleis det har brigda seg til eitt og anna den siste Bolken