— 150 —
Kaffe og so gjekk dei 5—6 i Følge med Riva paa Olktsli til Lauvskogen.
Og no var det andsamt med Lauvrakingi i nokre Dagar, so lenge det gode Vere heldt ved. Alle Stadir i Olderskogen gjekk det Karar og Kvinnfolk med Rivur, Sopelimur og Korgir og raka eller sopte det tobakbrune Olderlauve samen i Haugar, bar det heim i Korgir og tømde det yvi Høystaale eller under Laaven. Var det forlang Veg aa bera det heim til-husane, gjorde dei Lauvhyttur i Skogen under ei stor Klurgronn som hengde dei svære, nedste Kvistane heilt ned i Marki, langt ute fraa Leggen, so det vart baade Veggjer og Tak av deim. Her under tømde dei Rakelauv so lengi til det gjekk langt upp paa Gronnleggen, og naar dei tetta Glottane noko betre, kunde det liggje uskadt baade av Snø og Regn, til dei tok det att paa Vinterføre.
Heime kjørde me Lauve tilgards i ein stor Lest me gjurde fast til Sleden og tømde det under Gamle-Laaven. Lauvrakarane raka Lauve ihop i store, svære Haugar ute i Skogen, det kunde verta baade 3 og 4 Lestar av deim. Eg maatte vera med aa lesse Rakelauv um Haustane da eg vart so stor, eg kunde gjera nokon Nytte, stod uppi Lesten aa traakka det samen til han var sprikkeferdig — paa den Gjerdi fekk me ein Mengde Lauv i Lesten. So til aa byrje med var det Moro med Lauvkjøringi, men naar ho varde Dag etter Dag i 6—8 Dagar, so bar eg til aa stunde antell til Maals eller til Kvelds. Og mest kvar Haust kom Lauvkjøringi paa meg i Utid — just det Bile, eg hadde det mest andsamt med Ikornfellom mine uppi Gronnskogen. Solenge det var att en Lauvhaug aa kjøre tilgards, fekk eg ikje vitja Fellom ein einaste Morgon — eg bar meg ille for det, au, men Far meinte paa det stod ikje so hardt um med Ikornveidingi. Han er ikje „hærd“ enno, Ikorn, sa han — fjortan Dagar paa Vintren vert Skinni kvite paa Vrangen, og da fyrst er han hærd tilgagns.
Var det Raad aa faa samen nokk med Kvinnfolk til aa raka Lauv um Hausten, so var det helst dei, som gjorde det Arbeide, dei har no beste Handlage med Riva, dei. „Og beste Handlage til aa bryte utor Tindane, au,“ sa Gamle-Per. Dei treivst vel med Arbeide naar det var godt Ver inne i Skogen; og dreiv paa gjorde