Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/153

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 149 —

lauve er so grepa Maalbyte for Kui, og ho likar aa nuske med det utetter den lange Kvelden. Men Oldren han letst ikje vita kva „Tidi mun lide“, kvar Morgon staar han med den same Hamen, blaksar ikje Øyro um Vestanvinden fraa Rottemsoksli kjem farande ei Natt, og riv og slit i Bladhave so Baarune veltar seg uttanpaa ein annan.

Vere har halde seg etter Vonom til aa lide so langt, ein og annan Dag med Regn og ei og annor Hel Natt imillom. Men mesta har det vore ti’in Jord kvar Morgon og Folk driv og vendar Grasvoll i Grendi. So kjem de tvo kalde Nætar i Rad og Hela lig so tjukk ho gniksa under Skoom til langt fram paa Dagen, og i alle Nordhallir og Skuggar gaar ho ikje av heller for den vetle Solglytten midt paa Dagen. Men da sleppte Oldren Trui paa seg: han hengjer dei litlause, visne Bladi ende ned med Stilkom og slepper Hamen av seg mest med ein Gong — men so vart og stillt, at ingen skal merkje han gjev seg. Ævart Blad dett stillt og forutan ein Knyst ned med Roti, ved Sida av ein annan og uttanpaa ein annan, rundt um. Skygnar du inn gjenom Olderskogen, denne Stundi, inn millom dei graae Olderleggjom, ser du ei Myrju av fellande Lauvsblad som Eigarmennerne slepper av seg so ingen skal merke det. Og so er han avklædd og staar att og sprikjer med di snaue Greinom.

Attpaa dei kalde Nætane vert det mildare Ver, og ei Natt set det paa med strid Austanvind som turkar allt Lauve, Skogen har røytt av seg — kvar du gaar gjenom Skogen ligg det jemnbreidt i brune Skrullur med ein slik Ange av asi Brød-Deig, at du lyt tenkje paa kva det maa vera til Forkunmat for Kui, aa maule det i seg. Og no drygjest det heller ikje lenge, fyrr det vert Liv i Olderskogen i alle Glennor og Rustir, der det er „Lauvreksti“.

Heime reiv dei meg upp or Sengi Klokka 5 um Morgonen og gjorde meg upp i Plassane med „Lauvbod“ aat Husmennom, eg skulde „segja til“ eitt fraa kvar — slikt Lauv-Ver som no var, stod ikje tilreide kvar Tid, og ein lout passe Glotten. Far hadde longe tinda Lauvrivune og dei stod ferdige i Staburssvali berre Vere kom, Lauvsleden var nystengd og Lauvlesten var umvølt og sett tilreide. Da Klokka var 7 kom Lauvrakarane, fekk Morgonverd og