Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/152

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Haustarbeid.

Det lid til Vinterdags og Soli glyttar berre ei snøgg Stund midt paa Dagen yvi den høge Høbruni ned i Dalglipa; paa Baksida er det berre ein snau Time ho skin eit Stykke fraa Elvi upp etter. Haaen paa Jord’om er longe avgnagin og Krøturi gaar fritt som dei vil utyvi Utmark og Innmark, innangjerds og uttangjerds. Bjørki staar nakin og svart i Lidom — berre ei og annor, som var sein med aa klæde seg i Vaar, staar enno att med graagule Blad, fatigsleg og sturin, dei ser ut til aa illtrivast med aa staa soleis i Folkeaugom og er rædd, baade naar den sinte Haustvinden fer og gaular ned i Dalen, og naar Soli kan finne paa aa stikke varmt ei god Stund i Solsida uppi dei bratte Random og Pallom. Oldren har halde seg kry Kar enno og har mest ikje slept eit Blad der, han staar i brodd-tjukke Krullar og Holtar heilt til midtlides, hjelp ikje Røyve hans har vori utrivlegt aa set paa lenge. Fyrst vart det graagrønt, so gulgrønt og no, i dei siste Dagane, ureint brungraat; uppetter fraa Eidsfossen der Oldren staar tjukk som Hampen, ruver alle dei tette Kronune som eit Hav med ein daamlaus, gurmen Lit — ein og annan Kvirvil kan ha ein Snev af frisk Grønlit enno. Alle veit, at Oldren no straks er ferdig, men Dag etter Dag staar han der, sameint og trassug, og vil ikje sleppe Hamen sin. Akkurat som det skulde gjera honom godt aa vita, at der gaar Folke for-ende i Grendi og ventar paa Lauv-Ver, so dei kan sleppe til aa raka eller sope ihop allt Olderlauve og bera eller kjøre det heim til Vedfoor til Vintren. Raka-