— 147 —
Grasdekkine og Slaagaane burt under Høom vert brune og
Myrine graae, Bjørki som var so levandes gul ei Tid, ber au til
aa graane. Ei og annor Natt er so kald, at Hela ligg kvit um
Morgonen — Hamni vert endin og Mjolki dett utor Kyrne. So
slepp dei inn paa Kvei for aa „hamne av“ den siste Viko; heime
paa Garden har dei no faatt undan Loi og gjort Jorde ryddigt
og med di kjem Bufordagen paa eine Sætri etter den andre, dei
siste Dagane i Maanaden. Fraa Bygdi kjem Karar med Kløvøykir
for aa kjøre heim Sumardraatten og den andre Føringi,
Budeiune arbeider paa harde Sprengen med aa kinne siste Rømmen
og yste Buforosten av siste Mjolkemaali, vaske og fjelge
Koppar og Kjøreld so dei staar reine og goddembde til aa taka
att for den, som fær Stelle til ein annan Sumar. Ein dugande
Buforgraut kjem paa Borde og naar den er etin, vert Øykine
kløvja, Budeia tek Mjølkebytta paa Armen, slepper Bølingen gjenom
Kve-Grindi og lokkar ein Kulokk som svarar uppi Haugen. Ho snur
seg og tek eit Utsyn yvi Sætergrendi og heile Sæterdalen med
Vatnom, Skogen og Fjelli — ser langt paa den solbrende Sæterstugo
med det tjukke, gulbrune Grase paa Take.
Karane „set Laas for Sæterdør“ og so gaar Ferdi „med Smør og Bøling heim“. Sætri ligg att der so sturin og graa og einsleg — allt er vorte so graat dei siste Dagane, um det so er Kvehafellune, so er dei graaare hell fyrr: det er Seinhaust i Fjelle vorte no og Folk og Fe er glade dei „slepp aat Bygden ned“.