Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/150

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 146 —

og fekk sjaa, kor svarte Fingri vart etter. „Aa, Fa’n turke! — ja no skal Herke paa Garden so det har Lag! — kom Gut skal me døra deim, og gjerer ikje du Sælbot paa deim, skal dei faa liggje paa fri Gard inatt, Tyrase!“

Jentune kom paa Garden, maa vita, og me hekta paa Kasthaken inn-vendes paa Døri; so kosta me paa oss ein dugeleg Saapevask og lagde grepa paa Skorsteinen for aa ha det ljost og hugnadlegt i Stugo no, i Skymingi, medan me raadde aaleine i Huse. Me sette oss paa kvar vor Side av Peisen, sette Beini uppi Aaren og byrja aa røde um laust og fast; men so bar det til aa ruke inn so ustyggeleg, at det var berre so Røyken valt undan Brunsteinom. „Aa, Gud fri oss for ein Røyk her er!“ sa Haugjin, reiste seg og gjekk burti Døri for aa setja paa ho ein liten Glott. Men — Døri var stengd utan-fraa. „Nei, nei — enn har ikje dei arme Beisti hengt Hengjelaase att-for, og Dj. annamme meg, skal du ikje sjaa dei har brøkja seg upp paa Take og tetta att Omnspipa! — ja, er dei no farne burti hi Sætri, so jaggu røykjer dei spennt Live utor oss!“ Og, det skal vera baade visst og sannt, det vart lite av Moro for oss —: Røyken auka paa og volt fram so stinn, at me saag ikje ein annan um lite; og der stod me. Forseint var det aa sløkkje Elden no, Huse var fullt med Røyk, og Vindauga hadde ikje Gong so de var ingor Opning aa faa. Det bar til aa verta Uraad aa draga Andi og likeeins aa halde Augo opne — me hosta ikapp, bar oss ille og ropte paa Jentune, at var dei i Nærleiken, so fekk dei gjera vel aa sleppe oss ut. „Aa Gud Fader — øhø, øhø, øhø — for uvyrdne Fyrkjur — øhø — dette fær gaa — øhø — øhø — øhø — paa Live det,“ hosta Haugjin fram. Nei, da høyrde me ein inderleg god Laatt uttanfor — Trolli stod tvikrokute og høyrde paa Jammeren vor og dei slepte oss ut av Røyken etter me hadde lova ut, ikje aa gjera dei noko til Straff.“

Med slike Rødur gjekk Eftnane, naar Mosefolke sat eller laag i Sæterstugo og maka seg etter den stutte Arbeidsdagen i Fjelle; kvar skjøytte med ein Stubb og Timane gjekk so svinnt, at Sengetidi kom fyrr nokon ynskte det.