— 11 —
rødde seg imillom, brukte dei eit Maalføre som eg ikje forstod ei Dust av, og det tykte eg var so uhuglegt; det var mest so utrygt med dei Samrødom deira og eg saag gjerne dei gjekk sin Veg, di førr di betre.
Det var Ferdafolk fraa alle Bygdir i Gudbrandsdalen og Handelsfolk fraa Aust og Vest, vidt og breidt utyvi Lande, som ferdast heime i Huse paa Vinterparten. Og noko av det, eg jamnan hadde stor Moro av, var aa høyre dei ymse Maalføri som Samrøune gjekk paa, eg sat mang ein Gong og lydde etter kvart eit Ord som brout av fraa vaare Bygdemaal. Lomsmaale og Lystringsmaale som eg høyrde mest av, lærde eg mest so vel som mitt eigi, baade dei einskilde Ordi som bryt av og det framande Tonefalle. Det gode Lomsmaale tykte eg den Gongen var underlegt og ikje fint; naar dei bruka Endingar som „Gjende-de“, „Augade“, Oklade“ o. s. b., nemnde Tviljodane ej og øy med „ai“ og „aay“, kalla Jordepli „Kantøflo“ tykte eg det var so løgje, at eg gjekk og hermde Lomsmaal baade i Tid og Utid. Men det kringe, kverve Lystringsmaale tykte eg var overlag fint og difor skapte eg meg meir hell ein Gong um til Lystring, stappa Broki nedi Støvlane, fekk meg ein Paak i Handi, helsa og spurde, um han var til fals „dan graoe Greongen — han er ikje te lite pao aa hava i fleira Aor, dan Karen: han verte folkavond, da ser eg vel paa Auged’n“.
Ein Gong imillom kunde det koma kjørande ein eller tvo Hestar med Lass som skilde seg fraa dei andre Ferdeslass me stadigt saag. Dei hadde fleire store Kassur paa Sledom og enno fleire smaae, ovanpaa deim sat Kvinnfolk og Born innballa i Skinnfellar, Aaklædi og Ullturklædi um Vere var kaldt. Desse Ferdafolki var Huslydar fraa Lom og Sjaak som var paa Utferd til Amerika. Det var just i desse Tidom, at Amerikaferdine bar til aa auke paa og i desse tvo Bygdom i Dalen tok Utferdshugen fyrst til aa nøre seg; av Dølom har alltid Lomværingen og Sjaakværingen vore dei vidfarigste, heilt fraa gamle Tidir. Amerikafolke foor oftast sist i Februar eller fysst i Mars for aa koma fram til Vaaronn-Tidir — det tok Tid, det Bile, aa koma fram, for dei meste foor med Seglskip og dei kunde jamnan vera baade 16 og 20 Vikur paa Vegen, 8 eller 10 Vikur var halde for rime-