Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/148

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 144 —

paa Sætri att og aat Non og da var det ikje anna taka seg fyre hell aa trøyte Tidi med di, som fyrst baud seg fram.

Den eine av Mosefolki var ein midalders Mann som hadde prøvt noko av kvart gjenom Tidi, ein dugande og paalitande Arbeidskar, vel lika av alle han kom i Lag med. Han var ein lentug Kar og hadde godt Tag til aa fortelja. Ein Kveld medan han laag i Benken ved Peisen med Tobakspipa i Munnen, fortalde han um, da han og „Haugjin“ laag i Stuttgongen paa Mosetaking, ein Haust for lang Tid sidan.

„Ja bi no til eg fær tenkt etter, kor lenge det er sidan — jau det var Hausten etter me hadde timbra Stallen paa Sygard og da vert det jamnt 32 Aar sidan. Me var berre tvo i Mosetakingi, eg og Haugjin, og difor hadde me yrkt Arbeid i fjortan Dagar. Vere var overlag godt det meste av Tidi og dreiv paa gjorde me som Karar; han var no ein radfør Arbeidskar til allt, Haugjin, eg veit han sprengde meg mest sund til kvar Morgon naar me gjekk upp i Fjelle, for han var so urimeleg lett paa Foten og før til aa gaa. Kvar Dag greidde me Skaplage vort til Høgstdag og kom ned i Sætri att Klokka 1.

Haugjin var leiken og foor stødt og gjorde Moro, men vart han sjøl ute for eit godt Strøk for Moro Skuld, kunde det godt hende seg, at han tok det ille upp og vart tykkin. Noko framfos, beinkjørd og fjaasen var han au — og so urimeleg til aa misstala seg, han hadde liksom ikje Stundir til aa tenkje fyrr han tala, maa vita. Budeia paa Sætri var ei ung, gladvær Jente i sine beste Jenteaar og Gjætarjenta ei stor Rugge som hadde staat paa Golve um Vaaren. Desse tvo sturde ikje, skal eg tru, og me visste ikje Orde av um Dagane, fyrr dei var ute med Spel og Fantestrøk med oss til kvar Eid og Stund. No slog ikje nokon av oss imot ei god Moro, men stødt naar Haugjin skulde sleppe seg laus, visste han aldri aa raame Maaten, det vart baade ufelli og uveglegt for honom med Leiken, jemnast, og so banna han so reint vedonderlegt, naar Jentune hadde gjort honom eit godt Fantestykke.

Ein Morgon medsame me tok til-fjells og Haugjin slengde Skreppa paa Ryggen, var ho so urimeleg tung — me skifta elles med aa bera Skreppa kvar vaar Dag, maa vita. „Men er det rett paa