— 143 —
Fonnir, driv han ned soleis, at Kjørekaren som skal taka han att um Vintren, lyt moke han upp som utur ein djup Kjellar for kvar Haug.
Det er eit hugnadsamt Arbeid aa taka Mose ein Godversdag i Høgfjelle, den lette Fjell-Lufti gjer heile Kroppen som ei Staalfjør og Arbeide gaar som av seg sjøl. Naar Kviletidi kjem er det aa finne seg ein livin Solhall og hogge paa Nista — ein er aldri so mat-tidig som i Mosefjelle og eg, tessmeir, som ikje var halv Kar enno, kunde greie ei nybaka Lefse med Blandasmør[1] til, naar me kvilte. Etter Maten tok me oss ei god Kvild, naar det ikje just braadde paa med aa byrje med Settingi for Turrvere Skuld. Me let Soli baka oss og laag paa den mjuke Mosesengi og saag ut-yvi Jotunfjelli som me hadde midt for oss med dei høgste Topom uppi den reine, klaare Haustlufti. Der laag dei i ei lang Rad etter ein annan: Glitretinden, Leirhøi, Memurutindane og Hestlegahøine, Nautgardstinden og Stornubben; attan-for reis Besshøi, Knutshulstinden og Kalvaahøgde i Vere, myrk-blaae med drivkvite Bredar som glima i Solskine. Jotunheimen er alltid fager ein solklaar Dag men aller fagrast ein Septemberdag, da er Tindane blaa-ast og Bredane kvitast medan dei vide Flyine ligg der myrk-brune. Og heile „Heimen“ kjem deg so nære i den klaare Haustlufti, at det ser ut til aa vera nokre Steinkast buri dei høgste Toppane. Kvar ein egte Døl finn stor Hugnad i ei slik Utsyn yvi Fjell og Viddir og sannar av innaste Hjarta dei Ordi, at „dei gamle Nutane, dei gjera Hugen glad“.
Naar Karane hadde „teki Haugane sine“ var det siste dei gjorde aa „spita“ deim: dei sette ei lang Trespildre i Ryggen paa kvar, antell med Namne aat Eigarmannen eller med Bumerke som høyrde Garden til fraa gamle Tidir. Det var for, at Kjørekaren ikje skulde taka imist av Mosen um Vintren, for det er jemnan fleire Gardar kann ha Mosen sin nære ihop, og so for, at Spite kann vise kvar Haugen staar, um han skulde drive ned med Snø i ei Uverskule fyrst paa Vintren. Klokka fram mot 4 kom me heim
- ↑ Blandasmør: ei Røre av fersk, sundknadd Sur-Kjuke og søt Mjølk med sur Rømme.