— 142 —
nokor Takst, men eg dreiv no med Moseriva det beste eg evla, eg au.
Vegen inn i Fjelle um Morgonen tok oss ikje lang Ridi og difor var me heller ikje ute so ofseleg tidlegt, me kom inn i Fjelle der me hadde Mosetake vaart um Lag Klokka 6 og dreiv so paa, skarpast me orka, i eitt Kjør til Klokka 10. I Solskin og Klaarver gjeld det um aa sleppe til me Arbeide so tidlegt fraa Morgonen, som det let seg gjera medan Mosen er sydden av Nattdoggi; lid det fram paa Dagen so Soli fær Magt, vert han so turr og ihopkropen, at han vert burte i Riva og ikje gaar det for seg paa skikkeleg Vis aa setja Haugane, heller. „Mosen er vand um Vere“, som dei segjer.
Det er eit Mid med allt og ei Konst med kva ein skal gjera, har dei gamle sagt og soleis er det med det Arbeide aa taka Mose, au. Disom ein heldt sig etter di, naar han kom i Fjelle, at Mose er Mose og at det difor berre var aa taka ihop allt, som hekk med Moseriva — ja da kom nok svint Budeia um Vintren til aa fortelja, at Krøturi „ikje vilde ha Mosen“. For det er so mange Slag Mose som Skinn paa ein Hare og Kui et korkje „Blaamose“, „Fjellnæver“ eller „Gulskinn“, ikje nemnande slikt som „Raumose“ og Jordtorvur som Vyrdesløysur ofte let følgje med i Riva. Det er „Kvitkaur“, „Krotomose“ og „Matmose“ Kui likar, og gjerne tek ho med den ferske Fjellkjørri, som jamt følgjer med der „Kvitkauren“ er friskast. Soleis lyt den, som vil taka god og „eteleg“ Mose, sjaa seg um so han ikje tek med av dei Moseslagi Kui vandar. Og naar ein har sanka samen Emne til ein dugande Mosehaug, eller Mosesaate, so er det ei heil Konst aa „setja“ han, for han lyt vera jemn og fast all igjenom og fin uttanpaa — vert han ujemn og klurut som eit Bustyvle, sig han av Lagi og vert skakk og skjeiv som ein Byting. Det er no eitt, men kjem so Haustvinden over slik ujemn, lurvute Mose som er kleint „sett“, so breider han Haugane utyvi Fjelle og det meste av Arbeide kann vera spillt. Men enno er det ikje nokk med aa „setja“ Mosen godt, heller, det lyt veljast Stødi aat honom, au — helst skal han staa paa eit Ris um det let seg gjera, for vert han sett i Dekk og Dalar eller Hallingar der Snøen fær Tak til aa leggje seg i