Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/145

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 141 —

med dei lange, myrke Kveldom. Difor var det ein stor Hugnad aa faa deim i Huse, hjelp ikje det var grovt til Mas med aa faa deim tidsnok iveg um Morgonen, for dei vilde alltid vera ferdige til aa fara Klokka 4. Um det ikje alle Tidir var Ungdomar millom Mosetakarom til aa halde Leik og Gaman, so var det no underlegt med di, lell, eldre Folk di-hell kom stødt i slikt Godlag, naar dei kom upp paa Sætrine og til-fjells — dei vart som umskapte. Um det so var ein aldrug Mann som til daglegt nede i Bygdi gjekk med Hugsot, og var burtgjevin av Slite og Træle med aa føde Hopen, so du mest ikje høyrde eit lentugt Ord av hans Munn — kom han vel til-fjells og i god Gang med Mosetakingi, var det som Fjelle døyvde ned allt, som tyngde Hugen og klædde av honom alle Gnag og Plaagur. Han vart baade gladlynnd og lettvær og gjorde Moro og Gaman seint og tidlegt.

Mosetakingi er no au aa kalle eit Latmannsarbeid naar Vere er fint og Mosefjelle er godt; nyttar ein godt Morgonstundi kann Skaplage vera gjort so snøgt, at ein kjem ned paa Sætri att til Klokka er 1 eller 2 um Dagen. Og sidan er det ikje meire aa gjera, hell hogge Ved um Budeia trøng det, eller aa liggje kvile i Benkjom, fortelja Bygda-Nytt og morosamde Hende fraa gamle Tidir, eller slike ein sjøl har vore med i. Ikje er han til aa koma paa Umøli av den gode Sæterkosten til kvart Maal, heller, skal tru; er det ein Fiskebekk ikje allt forlangt undan, set Mosefolki dit med Log og Ljost um Kveldom og kjem att med Kokefisk til Huse, for det er just den Tidi no, at Fisken gaar som best. Difor liver dei eit heilt Fagnadliv baade Mosefolki og Budeiune disse Dagane, so lenge dei varar.

Heime brukte me ikje til vanlegt aa liggje Vinterlegu paa Sætri, men i dei fyrste Sekstiaarom var det tvo Vintrar etter ein annan me gjorde det, for aa faa meire Tad i den slitne Sæterkvei. Me lout no skjøyte med Mose, maa vita, og da Mosetakarane kom upp den fyrste Hausten fekk eg vera med i Mosefjelle um Dagane og vera „Mosefant“, eg au. Det var kleint Mosefjell aat vore Sætergrend so det var Taksti, aa taka berre 2 Haugar til Manns og enda kom me ikje paa Sætri att fyrr Klokka 3 um Dagen; for meg som ikje var gamlare Karen, var det ikje sett