Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/144

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 140 —

Lumma, naar dei kom paa Stulen og da vart det Dans paa det ujemne Sætergolve, som mange Stadir var berre klaare Auren, og Springaren gjekk so Røyken fraa det digre Tyri-Eldsmaale stod attigjenom Stugo, kvar Gong dei vide Snørlivstakkane svinga um Aaren. No var Horpelæte aa kalle burtgløymt og so maatte antell Gjætarguten eller ei av Budeiom „hulle“ att-i Staden, ein lyt hjelpe seg med di ein har, og Dansen gjekk like friskt um det vanta Spell-Læti. Desse Uppsetukveldane var mangein Haust so hugnadsame, at dei var til aa liva paa heile lange Vintren etter. Men det kunde au trengjast aa ha noko kvike seg upp med dei lange, svarte Haustkveldane, naar Myrkne var so tjukt, at ein saag ikje Neven for Nosen. Dei, som hadde eit Stykke aa gaa gruvde seg for Heimvegen, og so tøygde dei Lage ut med Rodur og Leik, Mat og Drykk til Himilen bar til aa ljosne somykje til i Aust, at ein kunde sjaa aa finne heim att. Uppsetune rokk no elles ikje til stendugt dei, heller, og da gjekk Budeie og Gjætar tvoeine i Sele, dei lange Haustkveldane, med ei liti hugsaar Kjensle av Stille og Einsemd — dei skvatt i berre dei høyrde Kubjølla gav ein Klunk i Fjose eller ein uvand Lyd trengde inn i Stugo. Det er i slike Kveldar paa Seinhausten og i dei døkke Kveldar um Vaaren, at mange av Huldresogom har faatt Liv i den naturbundne Hugen.

Paa dei Sætrom dei brukte aa liggje um Vintren medan dei „gav upp“ Sæterhøye, fekk Budeiune „Mosefolk“ i dei siste Tidom av Sætermaanaden. For at det feite, gode Sæterhøye kunde rekkje somykje lenger, var det trengjande aa ha noko Vedfoor attaat og da var Mosen lettvind aa taka til, for Mosefjelle plaga no aldri liggje langt unda Sæterstulom, maa vita. Mosetakingi kunde vara baade ei Viku og tvo etter som „Mosefolke“ var hjelpa til og etter som Mengden av Mosehaugom, dei skulde taka, var stor til. Paa dei Gardom dei hadde store Bølingar, kunde dei sume Haustar taka 150 Mosehaugar, og med di vilde 3 Kara ha Arbeid i tvo Vikur. Vere kunde no au verta slikt sume Dagar, at det ikje var tenkje paa aa koma til-fjells naar det antell bles so det ikje gjekk for seg aa „setja“ Mosen, eller det kasta Snø i Fjelle.

Men desse Mosetakarane naar dei kom, dei sette Kveiken i det langsamde, stuslege Live paa Sætri no i dei stutte Haustdagom