— 139 —
knekke midt paa eller slite dei upp med Roti. Dei stod som Sprettebogar i verste Flogune og Trolle trudde Tid for Tid, at det skulde vera gjort med deim; men Furune, baade dei gamle og dei unge, var honom likevel forr seige. Med ein stygg Baul misste han Blaasten so det var ei lang Rid han ikje nøytte seg, so livna han til att meir og meir, øste seg upp verre og verre, gauv so paa Furune fyrst og foor sidan i rasande Kast avstad med Ul og Kvin og Pistring igjenom kvart eit Skot og Smog, so Bos og Flis og laus Jord stod som eit Driv fraa honom. Nordan-til etter Vatni heldt han au ein Leik som var reint fæl aa sjaa — han reid paa Brimhestom høge som Dalbakkar, braut dei til Grunds langt ut paa Grunna i Osen og dreiv dei tilslutt langt innetter Strandi so Spruten stod himilshøgt, og Naust og Fiskebuir var vaate uppunder Takskjegge.
Men er berre denne Rosu over kan det koma ein Ettersumar so god og fin med Himil so klaar og Sol so varm, at ein for ei snøgg Tid kan gløyme dei Haustmerki som til kvar Dag vert fleire og fleire. Ingor Tid er Fjelle venar hell i ein slik Ettersumar i September, Fjelle ber ein Prydnad av so bjerke og skiftande Litir, at det er som ein Draum. Bjørkelidine gullgule med ein Islaatt av myrkraudt Rognelauv, Fjelle og Flyine nærast ovanfor bjerk raudbrune med blaae og grøne Moserivillar, øvst uppe dei myrkblaae Toppane! Og ovanum allt ein djup-blaa Himil og ei Luft so klaar, at Fjelli ser ut til aa vera heilt i Nærleiken. Nede i Dalbotnen ligg dei blaasvarte Vatni stavstille og speglar Naturen med alle dei friske Litine, so klaart og livande, at det er mest Uraad aa sjaa Skile der sjølve Naturen sluttar og Bilæte byrjar.
Desse fagre Haustdagane set nytt Liv i den Sæterhugnaden og Fjelltrivnaden, som Bygdefolk har i Kroppen bori. Budeiune ber til aa ha Uppsetu og Kaffelag i ymse Sætrir um Kveldane — dei lyt ha lite Hugnad millom seg no, det lakkar med Sætermaanaden og minkar med Arbeide. Oftast kjem det so reint stoms og uventa upp ein og annan Ungguten fraa Bygdi og vert med i desse Uppsetom, detta vert no til enno meir Moro, maa vita, for hann veit no allt nytt, som er henda dernede i siste Tidom. I gamle Tidir gjekk gjerne slike Karar med ei Munnhorpe i