— 138 —
den fyrste gule Bjørki seg uppi Risbrothaugen. Det er Hausten som lagar seg paa og upp i Fjelle sendar han Fyribodine sine fyrst.
Det eine Haustmerki etter det andre syner seg og snart er det Hausten som raa’r og rikjer um Vere elles kan vera baade fint og varmt. For meg og Leikebroren min er det au som Hausten er komi yver Leiken vor og me finn ikje lenger den same Hugnaden, korkje i Fiskingi, eller det andre me foor med. Men Blaabæri er gjord i Skogen og staar stor og blaa etter alle Randar; ho gjev oss nokk aa gjera i mange Dagar til det kjem ei Helnatt, og gjerer kvass Ende paa all den ofselege Mengd med Bær, det sume Haustar kan vera i Høgdom.
Me er allt komne eit Otte-Daga ut i September og da har me aldri lang Beite aa bide, fyrr det kjem ei Kule med rasande Nordanvind som kann vara baade tri og fire Dagar. Og det er Gut som ikje sparar seg, naar han losnar for Aalvor. Han, au, har oftast ei Fyrebod, naar han etlar seg til aa byrje Leiken.
Det er hengje-graat med ei og annor kvit Regnyre umkring Høine; Kui kjem heim i tidlegaste Lage um Kvelden, sume Stadir kom ho fram aat Sætri att og lagde seg ved Høgstdagsleite. I Skymingi kom ein stor Øykjehop inn til Sætri og stod sette Bakendane inn til Kvehafella og seint um Kvelden regna det ei god Bløyte. Jau, um Morgonen etter kann det hende Nordanvinden var vakin! — kald og strid og sinnt.
Me høyrde han sleit i Dørom paa ein farleg Vis fyrr me stod upp i Dag tidleg, han brukte Kjeft ned igjenom Peispipa, dundra som ein Turk med Vats-Selen hekk ute paa Veggen, reiv og sleit i kvar laus Fjøl og Skide han fekk til aa lika paa seg. Da vi kom upp og fekk godt paa Peisen, byrja han aa ampast med Elden — best han prøvde aa draga baade Eld og Oske ende upp igjenom Pipa, slepte han seg stoms ned i Draghole so Røyken og Gneistane stod att-igjenom Stugo!
Og ute driv han paa, som han skulde ha Skaplag med aa leggje til Jordi kvar den Ting som stod tilvers. I Furuskogen tett med Sætri slost han med dei gamle, store Kraggfuruom, den eine Beita hardare hell den andre; ridom-til sleppte han deim og sette paa med dei unge og høge og tenkte, at dei skulde han antell