— 137 —
skiple Arbeide. Og var det eit godt Fooraar so Blaa-Eksingen[1] laag i Legd og ha byrja gulna i Roti, hadde dei ikje lange Tidir aa klata burt. Var det Yl med klaar Himil, gjekk Karane i ei Sveitelaug all Dagen og heitast var det alltid Nonsøgti, medan Soli stod paa høgste Graahøi. Da vart Huvur og Undvestar hengd paa Hesjepinnane og sume knepte Skjurta upp under Halsen, kasta Hosune av og gjekk i „Kippsko“. Men du skulde aldri høyre nokon av deim klaga seg for, at det røynte paa i hardaste Lage, trast dei fekk ei liti Øgtekvild i ein Skugge og slengde seg ned paa Marki, høyrdest Laatten fraa deim lange Leidine. Dei fortalde Rispur og Hermur og Hendi baade fraa gamle Dagar og nye, smaa-erta kvarandre og gjorde Moro av allt, dei tok Verdi antell ho var ill eller blid fraa den lentuge Kanten, soleis som Døline jamnan har gjort det attigjenom. Det har aldri vanta deim paa Godmøle og Gamansnakk i Arbeidslag. Og raaka det til aa vera ein Kaldgrinar med i Lage so vart han ikje spara, skal tru, men fekk alle Oddar mot seg, og antell fekk han gaa der som eit Utskuv, eller han maatte til aa „tute med dei Ulvom han budde med“.
Naar det lidde med Slaatten og Karane kom inn til Nons siste Slaattedagen, stod „Slaatt’grauten“ paa Borde so feit, at Feitte stod høgt over han i Fati, for han høyrde au med til dei gamle Takstom. So batt Karane Ljaa-Ambodi isamen med Brynstokk-Belti sine, lagde den vesle andre Føringi i Skreppo eller i Tullar, takka for seg og gjekk til-bygdar. Da stod eg altid att halvt hugsjuk paa Skut-Troppi — dei drog av med den Moroi og Gaman me hadde havt i mange Dagar og no visste me, at den beste Sumarstidi var fari.
Ja ryr er han høgste Sumaren —; lid so langt som til Larsuk veks ikje Hamni lenger, sa dei Gamle, og det Bile er det au slutt med den ljose Sumarnatti. Kvelden vert myrk so det lyt brennast paa Skorsteinen for aa sjaa aa kveldstelle. Ut etter siste Halvti av Maanaden kjem det jamnast den eine Dagen etter den andre med Stridregn og Gjætarane gaar lav-yørde i Skogen, hukrar og frys og held seg under Treom. Og so ein Dag sist i Maanaden syner
- ↑ Blaa-Eksing: fint Aksgras med blaa-graae Aks.