— 136 —
i Grannesætri. Dei tjukke krokute Greinine hadde so mange Slag rare Skap og Lavskjegge hekk og veifta og blikta att og fram i den linne Morgongusten. Soli gyllte den gamle Kjempa all upp og gjenom kvart eit Op millom Kvistar, Greinir og Lavskjegg glaadde det paa Himilen. Alle dei rare Skapnader av Krokar, Kvistar og Lavskjegg i Toppen av Storfuro, laag eg og gjorde um til Huldrir og Huldrekallar, Tuftekallar og Troll og allt, som Eventyrhugleiken kunde skapa. Den gamle Furutoppen vart til „Tusen og ein Natt“ for meg — eg heldt av Storfuro og hadde reint illt av henne, da dei ein Sumar batt eit langt Tog i Toppen og hogde ho ned — dei vart redd, ho skulde blaase ned i ei strid Vindkule og slaa ned Stugo, maa vita.
Underlegt korleis Dagane og Vikune kunde svinte seg heruppe, det var som det ikje fannst Drygsel i Tidi naar ikje just Regnvere skapte seg so gale, at ein lout halde seg innan Veggen. Fyrr ein visste Orde av, var Slaatonni paa Hendom og da vart Tenestjenta att med Gjætaren paa Sætri og me andre foor heim paa Gaarden til Slaatten ein tri Vikurs Tid. Men i dei fyrste Dagom av August kom me att med 5, 6 Karar til aa slaa Sæterkvei og medan det Arbeide stod paa, var det Liv og Leik og mykje Moro paa Sætri.
Tvo, tri av Slaattekarom var til-aars komne Karar av Husmennom vaare, og av deim var Fyrikaren ein Leikfisk og Spelfugl av fyrste Slag; so var det alltid med eit Par Ungdomar umkring tjugeaars Alderen og i dei Aarom legst det stødt eitkvart til aa faa Moro av. Slaatten paa Sætrom har fraa Gamalt vore halde for aa vera eit Hugnads-Arbeid, difor um det jemnan kunde gaa paa Hardskuv med aa faa Arbeide fraa seg til vanleg Tid etter gamall Takst — og den var det Uraad aa vike fraa, maa vita —; ein dugande Fyrikar vilde gjera Kvei fraa seg paa sama Tidi, som dei hadde gjort fyri honom. Men um det sume Stundir kunde gaa so halvt paa Spreng, var alle jemnast i Godlage og Arbeide gjekk med Liv og Lentur.
Kl. 4 um Morgonen kraup Slaattekarane ned av Hjellen og ut paa Slaatten, og den fjorde Eftan vilde dei vera ferdige med Slaatt og Hesjing, um ikje Vaatver av verste Slag skulde koma aa