Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 10 —

var kje til aa truge burt men selde seg sjøl — og smalvori Korn foor dei ikje saa lange Vegjir etter. „Silde e fiska i Honndaag’om og Istre er tjukt som Svipusnori mi — e ho ikje som eg sij’ ska ho vera di, og ikje mi, for inkje — øyh da, Gamp!“ dei gav ikje Dag med aa prute um Prisen da. Men hadde de falle eit kleint Aar yvi Lesjabygdi, var dei smaalaatnar og betre aa koma i Handel med. Og da var Bygge til Lags aat deim — „de vart ikje saaført Bygg, Gud naa’s, paa Lesja iaar“.

Baade Lesjingane og dei hine Sildekremarane hadde ofte med seg eitkvart anna eller Sild og Fiskevarur til aa avhende, au; soleis hadde Raumsdøline Rossmaal-Reip med store Haslehaldarar og Saahavre av den namnspurde Raumsdalshavren; fraa Lesja var det Arbeidsselar og fraa Uppdal heimsmidde Bismarar. Sildekremarane fraa Uppdal ha jamnast den beste Sildi, „Trondhjemssiild’“ og „egte Kjøpmannsgods“.

Menn enda formeir hell baade Ferdmennar og Handelskarar var dei „Italiendarane“ som ein og annan Gong foor med „Posentiv“ med „Komeli“ i. Da hadde eg yrkt Arbeid i lang Tid etter med aa fortelja, korleis Skomakaren, „Balberaren“, og „Styggen sjøl“ og fleire til saag ut, Og eg kunde maale av so hugtakande for dei tvo Leikebrørne mine, Paal og Knut, korleis „Komelie“ var laga, at dei stod berre og gapte. Naar eg lagde ut um Skomakaren som gapte so fælt for kvar Gong han drog Busteleivi, um dei som dansa og hann, som stod med Peningtalliken og var sint naar ikje Pengane kom, so tykte dei baae tvo, at dei var tungt lagi, som skulde bu so avbakleg høgt uppi Lidi, at dei aldri fekk korkje høyre eller sjaa noko av allt det gjilde me, som budde nede paa Flati, laag midt i Vegen for. Og dei hadde mest Taarar i Augom.

Aa faa med alle, som høyrde til i denne mangslungne Reidi som foor til ymse Leid som Mouren ved Tuva, er mest Uraad. Berre Skeidbindar-Svenskane, som kvar Vinter gjekk 4 og 6 i Følgje, lyt takast med. Dei selde Vevskeidir og batt nye etter som dei selde unda; i fysste Tidom eg kan av deim seja, hadde dei med seg Slagklukkor fraa Mora til Seljings. Skeidbindarane var jamnast store, velvaksne Karar i kvite, fotside Vadmaalsfrakkar, eit digert Fyriskinn og ei oveleg fin Snadde av Staal i Lumma. Naar dei