Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/139

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 135 —

Draumevengjir som denne ovfine, lengtande Budeilokkingi ein fin Sumarkveld i Fjelle — ein sviv med Ljomen langt, langt burt i Eventyrlandi og inn i ein Heim som berre Hugleiken kan skapa. Den blaae Himilen med dei ljose, guldkvara Skyom i vest, dei døkke Fjelli attanfor dei grøne Lidirne, Furuskogen — allt med Kveldfreden yvi seg, sveiper seg ihop med dei hugsaare Tonane og fyller ein med ei Kjensla af Glede og Hugnad som tryllar deg so fast, at du gløymer allt anna umkring deg.

Og Kui kjenner seg au dregi av Lokkingi um ho kan vera so langt undan di-meir, at berre ein veik Om naar henne. Ho fer ofte so langt avstad etter Beite, at ho trkjest ikje orke det lange Naake attende med den tunge Magen; ho stadnar paa Heimvegen og furdar paa aa gjeva seg yvi og leggje seg, enda Jure brenn og sprengjer paa. Da fær ho høyre Omen av Lokking og dreg Kjendsel paa Maale til Budeia heime paa Sætri: sytaa Ku! Med ein tung Raut som lydest langt, ber ho til aa røyve paa seg att; kvar Gong ho høyrer Lokken gjev ho Svar og skundar paa meir og meir. Budeia kjælar og lokkar og legg all den Godhaatt og Blidskap ho eig i Maale sitt: Rose mi, sytaa! og Svari vert meir og meire heimkjære og kjem nærare og nærare. Um ei Stund syner Bjøllekui seg upp-i Høbruni ovan Sætrine, oftast langt fyri dei hine; ho stundar fram med det harde Jure og vilde helst leggje paa Sprang men Sekken er so tung, at det er vaagsamt. Men naar ho kjem ned i Bakken ovan Sætri og fær sjaa Budeia staa og vente med Saltskaali i Handi, legg ho paa Sprang so den store Magen og det side Jure vippar til ymse Side. So fær ho Salt, nokre kjælne Klapp paa Halsen og med di gaar ho velnøgd og tung inn paa Baasen sin.

Kvar Morgon eg vakna der ute i Skuten, leid det allt ein god Mon fram paa Dag; den øvste Halvdøri stod opi og den friske, reine Fjell-Lufti fløymde inn som ei Laug av Helse og Sæle. Fraa Sengi der eg laag saag eg yvi Skogen radt upp i Slombskarde og vidare etter Høbruni, austetter til høgste „Risbrothaugen“ med dei lubne Bjørkom, som liksom stod avskildra paa den iblaae Morgonhimilen. Og midt forr meg, berre eit langt Steinkast undan, stod den gamle, klurne, halvturre „Storfuro“, tett inn til Stuguveggen