Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/138

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

imellom faa Lov aa taka Baaten og ro burti Staarrviki og der laag me halve Dagen, sleit up Staarrkolv og togg paa den lange, kvite, smellsøte Roti, eller me dreiv og fiska upp Snyrilhus fraa Botnen. Soleis fall aldri Tidi lang og Dagen gjekk snøgt som ei Matlag-Rid; naar Kvelden kom tykte eg stødt, at Dagen hadde vori forstutt. Kvelden og Natti gruvde eg for og dei kunde au vera gruvsamde i verste Hlen, for eg og Far laag upp paa Hjellen inn-i Stugo og der samla seg all den Varmen haade Soli og Kokingi i „Skuten“ laga til um Dagane. Det var heitt som i ei Turkestugo der uppe under Aasom og eg fekk aldri sova fyri Midnatt; Far kunde sova like godt um det var aldri so heitt medan eg laag kasta meg, sveita og vreid meg verre hell i Skirselden, til Svevnen endeleg til Slutt kom og gjorde Ende paa Kvalen. Det vart sist Uraad aa ha meg paa Hjellen um Nætane og so fekk eg og Gjætarguten ligge samen i Skuten, der var anna Slag so svalt og friskt med same Soli gjekk under. Og so hadde Gjætarguten mykje og mangt aa fortelja fraa Skogen og Fjelle der han ferdast um Dagane, um store ykjehopar han raaka, um fir-ærings og fem-ærings Graduksar han hadde set, Gjætarar fraa andre Sæterstular han var samen med og mykje meir merkelegt av mange Slagi. Han heldt Dugurd paa „Vakkersletti“ eller „Storhaugen“, og Non ved Tuvstulen eller „Ransverksletti“ medan Gjætla lagde seg rundt um han og kvilte dei, au; dette lyddest so hugnadsamt, at eg meir hell einn Gong etla meg til aa vera med aa gjæte ein Dag. Men det kom aldri vidare hell med Snakke dei Stundine i Skuten um Hveldane, da me gjekk igjenom det, som hadde hendt honom i Gjætlemorki um Dagen. Da stod me med det same og lydde paa Budeiune lokka Kui si heim til Kvelds paa alle Sæterstulom rundt um — det var so tylegt aa høyre alle desse ymse Lokkingur i den stille Sumarkvelden.

Og so livandes vakkert som sume Budeiur kunde lokke paa Kui si! det lyddest so hugtakande, at du liksom kjende deg lyft og borin med av den noko vekjømelege Ljomen som lyddest vidt yvi den vide Dalen, der han laag i lett Kveldsdimma etter Soli var avfjella. Ros-Ku mi — sytaa! Ku mi sytaa, sytaa! Kui mi — kom no! Bliros mi — sytaa! kje noko kan taka deg med seg soleis paa