— 133 —
det ikje no, men det vetle Vindbragle, som var, mona fulla ikje. Jenta lagde seg beint ned i ei vid Enerkjerr ho, og tok Dugurdskvildi som eg skipla for henne med denne Fiskingi, sov gjorde ho au um lite. Best eg stod kom der ei liti Vindflogu med svarte Krusingar over Vatne og i same Blunken kjende eg ein kvass Rykk i Vaden min! men da var eg ikje sein paa slenge upp att, heller, og det kom ei Fiskekjøe inn i Kjerrine bakanfor meg so det pistra i Vaden! Lenger hell Langfingren min var ho ikje, men ein ypperleg god „Smørfisk“ og Jenta vart svint vekt upp or Svevnen for aa sjaa paa Fangsti. Eg tykte me kunde gaa heim med dessa no til ei Byrjing, men ho talde meg til aa drive paa ei Stund til. Jau um lite kom eg vippande upp med Maken! — men da kunde heller ikje Magt i Verdi avøydt meg med, aa gaa uppi Sætri aa syne dei Fiskane, no skulde dei faa sjaa, um eg ikje allt var Fiskar!
Detta var no ifjor for eitt Aar sidan, maa vita; iaar kom det nok til aa verta meire paa vaksin Gjerd med di, for no hadde me baae tvo Fluguonglar au, Heilsnudd-Vad og lange, mjuke Trødor. Det var harmelegt at eg ikje hadde Næverskrokke, eg, au som han Paal, Felagen min — men eg kunde no altid bera Fisken paa Snik til vidare.
Men, det var forunderlegt — det vilde aldrig verta noko korkje i Skrokka eller paa Sniken; det kunde ikje vera Fiskebit i Sumar, for det skulde ingen som vilde følgje Sanningi segja, at me ikje freista Voni. Me gjekk i Solsteiken dagandes Dag og baud Fisken Flugu og baud honom Makk, skifta mest so jemnt me kunde vinnast, stod og nidtruga han i alle Vikir, ved „Staarnebben“ og ved „Graaurdi“. Men me raaka aldri Bite. Gjekk me iveg Klokka 10 um Morgon kom me heim att Klokka 3, 4 so svoltne og slunkne, at Broki slong um Live, vaate paa Beini og stive med Raudmyr heilt uppi Skræve innan-beins. Nei Fiskebit var det ikje i Sumar, han hadde visst noko fara i han Hans i Grannegarden i Gaar, han foor her og fann seg Skeid-Emni av Einer: det vert ikje Heggeber iaar og da er det aldri Fiskebit heller, sa han. Ein annan Sumar skal det verta anna av.
Um ikje Fiskingi slog til, var det alltid eitkvart anna aa taka seg til med. Naar det var stilt og fint Ver kunde me ein Gong