Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/136

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 152 —

Daam for di det høver inni Stemningi, som Munnhorpa ei ÆKveldsetu; og ingen Stad skal du høyre Gauken gjæl so idugt, som her i den vide Sæterdalen med dei laage Bjørkelidom sine.


For meg byrja det no ei lang Rad med God-Dagar fram-etter; Leikebroren min fraa dei tvo fyrre Aari var au nyleg komin her, og so var det ikje mange Dagane fyrr Vatshjule gjekk so det stod ein fin Sverkil umkring det; fyrste Ferdi mi kvar Morgon, naar eg fekk rivi Klædi paa meg, var burt til Vatshjule for aa sjaa, um Dammen eller Renna skulde ha vorte avlaga um Natti. Men naar det svinga trillande rundt og so kringt at Vats-Eimen av det glima i Regnbogeletir i Morgonsoli, da var det ein Hugnad, som var mykje verd. Og sidan var det Baaten, Peisen og allt det andre me fann paa, ettersom me trøyttast av det me hadde fyre oss; me hadde det so andsamt den utlange Dagen, at me gløymde burt baade Matmaali og Sengetidi.

Det var no elles Meiningi vaar no i Sumar aa leggje oss noko hardleg paa Fisking for me hadde baae, kvar for oss paa ein Vis, faat Lov til aa gaa med Fiskestongi, naar me foor varleg so me ikje kom uppi nokor Skeivferd. Det skulde no trengjast au, maa’ta, so store som me var, aa krevja slik streng Lovnad av oss! — eg fekk no Tamen i meg til aa gaa med Fisketrøda allt ifjor, eg, da eg fylgde Sjugur Odden ein halv Dag ved Melingen. Ja ikje so eg fekk Beine den Dagen, men eg lærde aa agne paa Ongulen, spytte paa Makken og segja: tvi, Troll paa! Og Dagen etter maatte han til; den eine Tenestjenta lout følgje meg „so det ein Gong kunde verta Ende paa Gnage mitt“, den andre stod att ved Grindi da me gjekk og gat um, at den Fisken eg tok skulde ho steike paa — ja eg vyrder meg ikje so lite eg hermer Ordi hennar. Da me kom ned til Vatne tok eg meg Stødi paa ein flat Stein i Landfalle og baud Fisken Agnmakken min baade vel og lenge. Det var underlegt skulde han ikje bite idag — kannhende det ikje bles nokk for han Sjugur sa, at Solvinden var beste Fiskevere; Sol vanta