Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/135

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 131 —

Bølingen hogde seg fast umkring Kvehafellune med same, seinare paa Dagen dræg dei seg ned mot Vatne.

No var me da herupve att. Men kor umsnudd allt hadde vorti paa desse tri Vikune, sidan eg var med Far her! — det var ikje til aa kjenne att korkje ute hell inne. No var da Sæterstugo lik seg sjøl att, tyleg og godsleg som ho stod der med dei brune Veggjom og liksom bad oss vera velkomne lang Veg. Uppaa Take hadde dei tjukke, lubne, myrkgrøne Røllikduskane[1] allt fatt graae Knappar og ved Veggjine stod Guldborsten so livandes bjerk gul, at ingen hadde Hjarte til aa traakke han ned enda han stod midt i Stigen heilt fram aat Dørhella. Burtetter Bakken til Vats-Troi stod Smørbukk og Soløyblomar, Kvei all upp var fint grøn med tett, lubben Grasrot. Det var ikje mange Slag Blomar komne upp enno her i Høgdi, berre utan-fyr Stallen, etter Rise, stod Tjørublomen i Krullar so det raude lang Veg — no endeleg var da Sumaren komi hit upp for fullt Aalvor.

Steinhjerpen i Stugumuren saag ein no ikje so mykje til, han laag fulla Dagen lang og vermde Eggi sine, men Svolo heldt svært til Leik uppunder Gavlen — ho skaut seg ut og inn av Reiri tittast ho vanst, gjorde seg lange Svingar høgt upp-yvi heile Dalen, kom so att som ei Pil og skaut seg under Vindskida, sat paa Kanten av Reire sit og rein av overgjevi Glede so det reint skar i Øyrom.

No var det korkje audt eller livlaust heruppe meir! Fraa Høgdom og Lidom til alle Sidor lyddest Ljom av Bjøllur: fine Massingbjøllur og grove Jarnbjøllur um ein annan; Gjætarhauking og Fløytelæte og dulne Øksehogg i Skogen — Liv og Rørsle kvar du vende deg. Og idag stod Bjørki i full Brurstas til øvst i Vigga, og um det so var dei graableike Myrine med brunraude Stripur etter Vaarvatne, dei som Ein-Dagen saag so utokne ut —, no hadde dei faat eit grønt Tæpe yvi seg, fint og mjukt som Fløyel. Herregud, kor nauande vænt det var heruppe!

Men ut-yvi all denne Vænleiken lagde Gauklæti ein eigin

  1. Røllik (Rylk): Achillea Millefolium.