Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 130 —

gjæve, at det var med Nød eg vaaga sleppe ho utor Hendom, da Far tok og snørde ho inn i Meisen millom hitt Raske. Det var Flog og Stim og Sjau som ved eit Syskinbyte[1]: inne i Stugo skulde all Ting dontas vel fraa seg med Koppar og Kjøreld, som vart læst i Skaapi, bore ned i Kjellaren hell aat Aurbudi. Ute paa Garden foor Tenestjentune um ein annan som eit sterkt Ver og Far rydde Øksir, Grev og annan Gardsambo inn i „Staburs-Langen“. Sist var dei ferdige kvar med sitt og so skulde me ha ein Fvyridugurd og Kaffe fyrr me braut ut; men eg gjorde aldri den Fyridugurden stor Skade, eg stunda so hardt iveg, at Mathugen var burte. Same-eins med Gjætarguten; han sat med „Tyskfløyta“ i Handi medan han aat nokre Bitar, dimed lagde han paa Døri og bles „Skjeggeloppa“ so han var rund i Andlite som ei Blaase. Um det so var han „Raudpass“, so hadde Utferdshugen tekji han so hardt, at han hadde mist Mathugen — Far baud honom Ost, Lefsebitar, Sukker, nei, han berre svinsa paa det vide, klurne Skafte sitt, sette seg ved Døri og saag uppi Augo vaare um ikje Timen var komin.

Endeleg vart Jenta tilsagt aa gaa uppi Hamnlykkja, sleppe Bølingen og lokke han nord-um Jorde, der møtte Mor og lokka paa Bjøllekui ein einaste Gong og med di skjøna alle med det same, kva som fyri stod. Bjøllekui sette i ein stor Raut og kom setjande for aa følgje Mor paa Fot, men dei hine fekk ei Rid so dei ikje aga seg — dei sette nord-igjenom Stigen so Torvune dreiv. Stuten og Ungkrøturi sleppte all Age, dei baula og bura og lagde avstad i villt Firsprang med so svære Kast til ymse Side med Bakbeini, at dei saag ut til aa ha sleppt Vite. Naar fyrste Hetu-Ridi var over, spakna dei so vidt, at me kunde faa deim til aa fara med Maat yvi dei verste Styggstadirne i Kleivom, so dei ikje ytte kvar andre ut i opne Elvi eller ut over Stupi. Etter me kom fram-um desse Vandane hadde me ikje noko Bry med Bølingen lenger, dei visste Vegen sjølve, berre ein av os var til reide aa sleppe dei igjenom dei 7 Grindane me hadde aa fara igjenom, fyrr me naadde fram. Ved Høgstdags-Leite var me ved Sætri og

  1. Syskinbyte, naar Syskin held Byte (Erveskifte) av Lausøyre.