Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/133

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 129 —

leid saa „Belgen“ i Noti synte seg innast i Varpi, i „Lendingi“, for da bar det til aa verta Leik: det blenkte og glima paa stor, vakker Fisk som skaut og spila seg att og fram, rende Nasen mot Noti so han spratt attende og kapla seg so den gule Buken synte seg. Og naar dei med siste Take sløngde Belgen inn paa Strondbreiddi, var det berre so det aula med feit, jamnstor Aure under Moskom. Men det vart kaldt da det leid paa Natti, og da me var ferdige fraus eg som ein Hund medan me gjekk heim paa Sætri att.

Tridje Eftan var Far ferdig med Arbeide so me foor til-bygdar; det hadde vori tri framifraa Godversdagar og det er underlegt kor svint allt kan mune seg i Fjelle au, dette Leite; no hadde Kvei vorte grøn yvi allt, kvar Isflindre var burte av Melingen og i Vetlsæterlidi bar Bjørki til aa faa ein grøn Him paa seg, meir hell til midlides.


Umkring Jonsukleite reiste me til-sætrar med Bølingen, for da vart han mest ikje til aa halde Styr paa lenger, dei braut seg inn paa Jorde hell inn i Lykkjune aat Husmennom i Einingi. Dei „kjende Tidi“, maa vita, og stunda uppi Fjelle fraa Mye og Kvalmen inne i Olderskogen. Dei er no farne med Bølingom mest forr-ende au, no, og med so grepa Ver som det har vori, lyt det ha vorti Mat i Høgdom, so det nyttar ikje aa drygje lenger. Far har vore burti Sætri att med tvo digre Kløvir, ei med Mat og ei med Klæde — det skal ikje so lite Føring til, maa vita, for me sette Laas for Dør paa Garden naar Sæterferdi kom, og laag paa Sætri alle til Slaattonni byrja.

Og idag skulde me fara med Rubb og Stubb att. Det vert Sjau paa ein slik Fløtjardag — nord-i Stabure driv baade Far og Mor og legg i ei stor Pankekløv, Skreppur og Posar, Askar og Øskjor og Tullar, so Meissane ruver som tvo Høysaatur. Eg hadde longe lagt Skule-Væska mi stappande full med alle dei rare Greidur eg „maatte“ ha med meg paa Sætri. Verdaga-Ting so