— 122 —
Maal. Ho kasta seg i store Fossar og Kvirvlar so Frauhattane laag langt fraa Breddom inn-yvi Einerkjerrine — i ein Tverrsving i Fare sette ho beinast over Marki og vilde kav rive med seg nokre Vierbuskur, som stod i Vegen, og ei liti Ungbjørk som stod skolv og bad for seg. Det var ikje den gamle huglege Aai dette, men eit villt Troll som heldt Sjau og Staak og slost ved allt ho kunde faa Tak i nedetter mot Melingen.
Eg gjekk ned aat Husom i Grannesætri og vilde sjaa etter, um den gjilde Peisen me mura paa Bakken ifjor Sumar, stod uskadd — jau han stod nok paa ei Gjerd, men halve Pipa hadde volti ned. Fraa der eg stod saag eg utyvi Melingen — jamen ligg Isen att enno! Men han er tunn og blaa og ut for Lauvaa-Munnen er det ei breid, opi Raak tvert over til hitt Lande; sør i Svartviki er det au store Hol paa Isen, vantar berre ei Vindrosu, so er han gamall nokk. Daa eg gjekk uppetter Kvei att fann eg nokre store Leirfivilblomar i Kanten av ei Snøfann, den fine Dunen blenkte i Soli og eg stod lengi og saag paa dei fine, vakre Blomane og tykte det var Liv langt umkring dei. Andre Blomar var det enno ikje uppkomi paa Marki her i Fjelle — Kvei var heller ikje grøn yvi det heile, alle Bakhallar laag graae, og i Skogen og Myrdragi saag du ikje ei einaste grøn Tuve. Sumaren har nok ikje vunnest hit upp for fullt Aalvor enno. Heime i Bygdi var Bjørki grøn heilt upp paa øvste Høbruni, men her hadde ho ikje sprotti den fyrste enno. Allt med seg var Sumaren so uferdig heruppe, paa all Vis, og Sætri framand og liksom so hustrin, at det var ingen Trivnad med det — eg bar til aa stunde heim att. Aa vera med Far Dagen igjenom med Arbeide unte eg ikje heller; kvar Gong me skulde heim til Maals bad Far meg aa gaa uppi Stuga ei god Stund i Fyrivegen, gjera upp Varmen og skipa til med Kaffestelle, men hadde det ikje vore slik stor Skam, so hadde eg ikje vaaga meg einsleg inn i den myrke, audslege Sæterstugo — eg kjende som ein kaldsvalin Troll-Ande i Ryggen, straks eg kom innan Døri. Og naar me heldt Kveld og kom inn, so ved Klokka halv nie, kom denne Kjensla av Audn og Einsemd enno tyngre yvi Hugen — stillt som i ei Grav alle Stadir, ikje ein Bjølleklunk eller ein Kulokk, ikje eit Øksehogg. Det einaste