— 126 —
paa den Hjellen som gjekk tvert yvi Stugo, og som Slaattekarane laag upp-paa um Sumaren i Slaatten, var det myrkt — det grysja i meg naar eg saag dit, for der kunde det radt liggje att ein Hulderkall og vera duld i Myrkre. Men ut i Bui tordest eg ikje gaa einsleg, for der var det myrkt som i ein Sekk, naar ikje Bu-Lukurne var skote fraa dei tvo smaae Gluggi. Og kva som kunde dølja seg der, under dei breide Mjølkebriskom og bakfor Mysukjere, kunde ingen vita. Elles var det mangt som drog meg dit: der hadde eg liggjande eit Vatshjul han Far hadde gjort meg, Make til det gamle Saghjule som laag att etter Flatningssagi, ein stor Baat med tvo Rødi, Vadspjeld, Makkestokk og enno fleire Ting eg lengta etter aa sjaa att. Eg var kvast ferdig til aa gjeva meg med, da Far var ute i Bui etter Grev og ei Jarnskoreku og ytte fraa ei Luke, so han kunde sjaa finne det, han gjekk etter. Jau, der laag dei, kvar Ting, som eg lagde dei fraa meg Bufaardagen ifjor Haust, Hjule, Baaten og alle hine Sakirne mine, og dei skaut upp att i Minne alle dei Hugnadstundir me hadde ved Bekken og Dammen med deim, eg og Leikebroren min.
Men ei forunderleg Stille og ei kjøvande Kjendsle av Einsemd laag det yvi allt baade ute og inne — noko saa livlaust og framandt, at eg kunde ikje skjøne kva, som var ivegen. Det letna noko da me fekk gjort upp paa Peisen og sette Kaffekjelen paa, men da Far etter me hadde eti lagde seg til aa kvile Dugurdskvile, kjende eg meg ikje Kar til aa gaa der einsleg korkje inne eller ute: eg kraup uppi Sengi bak Ryggen hans Far, og lagde meg til aa tenke yvi korleis Huldri maatte ha det Vinterstid, naar Uvere raste paa det verste. Allt eg hadde høyrt um Hulder og Haugfolk paa Sætrom fraa gamle Tidir, skaut upp i Minne og gjorde Hugen so underleg rædd og var — det var ikje den Hugnaden ved Sætri no, som eg hadde tenkt.
Da Far byrja arbeide ute paa Kvei stod eg med ei Tid og dengde fin Moki, til eg vart kjeid av det; eg gjorde meg ein Sving til Lauvaai, til den store Steinen der eg og Leikebroren min heldt til so trutt ifjor Sumar. Men der var heller ikje likt seg: den fredelege Lauvaai som fyrr sikla med ein sagtferleg Rukl millom Steinom, dura no med slik Dun og Søg, at du høyrde ikje Manns