— 9 —
Stugo. Men Vossingen, han breidde utyvi Borde Silketurklæ, Turklæ av Silkebast og av Linbast, Søljur, Brystnaalir og Knappar, blinka med eine Auga og bad Jentune koma aa „skoda paa noko rigtig fint til dei“. Og da stod ikje ho Marit imot lenger heller, men gav seg med aa glo, reint handfallin, paa alt det gjilde Stor-Vossingen boud fram for godt Kjøp —, ja mangt hadde han ikje eingong „Halvskillingen tent paa“. Ja, Storskreppa var veldig og det skulde Rygg til aa bera den yvi Fjelle, eine Aare ette di andre; sjøl sa han, at ho stødt stod dei 90 Kilo naar han hadde fyllt ho og tok te Fjells med henne. Ikje for anna hell at Skreppa høvde Karen; han var no sine 3 Alnir høg, før-lima og velvaksin attaat. Og Maken skulde ingen høyrt: der fekk han seg ei Kjering, da han gav upp med Kraamhandelen, som var gode tvo Tummar høgre hell han var sjøl. Det fekk me høyre sidan av ein annan Vossing som gjekk med Kraam, etter Stor-Vossingen hadde slutta.
Av Handelsfolk som kvar Vinter ferdast heime fær eg ikje gløyme aa taka med Lesjingane, Raumsdøline og Uppdøline som alle foor med Sild og andre Fiskevarur. Jamnan laag Silde-Kremarane heile Jamdøgere over med Lassom sine; da gjorde dei Bod ut i Grendi paa alle Leidir um, at dei hadde feit, velverka Sild, Turrfisk, Kveite og Ferskfisk aa selja, og naar de leid um ei Tid vart de jamt som ein litin Marknad paa Garden. Menn og Kjeringar kom berande, eller dragande paa Kjelke, med Kornposar og bytte aat seg Sild og Fiskevarur for. Det var jamnast Byte i Korn, maa’ta, for i dei Tidom tok baade Lesjingar, Raumsdølir og Uppdølir det meste av Bygge, dei trongde, i Lomsbygdom og paa Vaagaa og Fron. Sildehandlarane skrytte av Sildi, tok upp ei og annor blank og brei Rugge dei skar i for aa vise Istre; dei neva upp Sild or Tunnom og vog paa Bismaren meste dei vanst og banka Yl i Fingrane imillom. Og Handelen gjekk og Sildetunnune minka og Kornsekkjine voks paa Sledom.
Lesjingane hadde no stødt det Orde, at dei tedde seg med Handelen etter som Aare hadde falle til paa Lesja. Hadde dei faatt eitt godt Aar, var dei stive paa Prisom, vande um Korne og tverre aa faast med. Dei skrøytte av Sildi og let um, at ho