Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/129

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 125 —

løynsk, tykte eg. Hadde det butt Hulder og Huldrekallar innan Veggen hennar i Vinter, so ho ha faatt Trolldaamen ved seg? Det var no den gamle Stugo, for der i Veggefare stod enno dei Pinnarne att, som eg hadde liggjande Fisketrøa mi paa ifjor Sumar, og under Takskjegge ved Aas-Endane hekk dei tri store Svoloreiri som fyrr. Paa Mønen av andre Gavlveggen stod Reinshorne sligi paa Vindskiune — so det var nok rett all Ting soleis, men eg maatte no gjera ein Sving rundt Stugo fyrr eg gjekk inn. Sunnan Stugumuren i Solveggen stod Groen allt høg, og i Muren hadde Steinhjerpen Reir no, som fyrr; han er den fyrste paa Sætri og kjem strakst det vert flekkebert. Linerla tenkjer alltid ho skal vere den fyrste, men naar ho kjem skjotande upp fraa Bygdi i Morgonstundi, sit Steinhjerpen paa Røysi, vippar Stjert og bed ho vera velkomi i Lage. Han hadde allt gjort fraa seg det grøvste Arbeide med Umvøtla av Reire sitt, hann, da Linerla kom etter. Og no helsa han paa meg au, den kvate, reintvegne Karen, men bad meg vakkert gaa fraa Muren, og ikje hefte han burt fraa Arbeide hans derinne. Paa Gjeithustake sat tvo Linerlur og undrast paa kva me var for Slag — skal tru det er dei same tvo, som ifjor Sumar so ofte kom heilt inn paa Skutgolve og fekk Kjuke hjaa henne Mor, naar ho løypte surt?

Jau visst er det baade Stugo og Sætri, maa vita, men noko underlegt framandt er det ved allt ihop, likevel. Inne i Skuten staar allt i det gamle Stødi — den faste Sengi ved Veggen, Panna og den breide Benken og paa Mønsaasen alle Namni aat Timbrarom med „Anno 1835“ etter. Men so audslegt og daudt i kvar ei Kraa, dulint og løynt — det var som det skulde lugta Troll inne der. Same-eins var det inni Sæterstugo — det store Rome bakanfor Peisen gapte myrkt og utokka, Sengi stod der klædelaus med turt grønt Høy i, just som Huldri skulde ha bore utor Klædi med same ho saag me kom uppetter Kvei. Burti Fathylla laag Fat og Koppar, Skeidir og Sleivir kvelvde paa Hyllom og saag ut til aa kunde vori vaska idag tidleg, og i det gamle Skaape stod Spilkomar, Kaffekoppar og Borddiskar paa same Gjerdi. Ljose fall heller i minste Lage gjenom dei tvo blaamaala Glasi med Grønglas-Rutur, so den store Stugo var dulen og dimvori; inne