Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/128

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 124 —

som ein annan Vott, eg tok Beisle i Hendane og reid kjeik og byrg gjenom den tronge Dalen. Eg smikka med Tunga og mana paa Merri, men Sota letst aldri høyre meg, berre gjekk det vanlege Halde sitt — snakka Far aat henne letna ho i Marsjen med einn Gong, mest som ho skulde kjendt det gamle Orde, ho au, at Vaarherre lyder ikje etter Katteskrik. Burtast i Rinddalen skjyt Graahøi fram midt for, breid og roleg, alltid lik seg sjøl, trygg og verbiten som ho ligg der. Enno hadde ho ei Mengd med Snjofonnir nedetter Hallingune og ved „Sovarhaugen“ laag ei abrikeleg Fonn som rokk uppi Slembskarde, aat henne skulde det nok Godver til enno, fyrr ho gjekk sin Veg. Øvst uppe laag Fonnine og blenkte drivkvite i Soli, men lenger nede hadde dei faatt ein graabrun, uskirin Lit, og heldt dette Vere ved ei Viku, vilde dei vera ferdige. Fraa Rinddalen laag Vegen upp Reirebakken og um Reireplassane; den eine av deim laag tett ved Vegen og her budde han „Tjøru-Kristen“, hann, som dreiv med aa brenne Tjøru kvar Sumar. Det etla han seg nok til med no, au, saag det ut til, for han hadde liggjande ein Haug med smaaklovin Tjøruved, stor som eit lite Hus, Tyrived so feit han var reint svart. Vidare gjekk Vegen etter „Brennom“ med all den digre Furuskogen, Mastfurur i Haugetal uppetter den jamne Hallingi; so naadde me Mela med Sagi og alle Kvernhusom og reid yvi den gamle, laake Kloppi som saag ut til aa vilja dette ned til kvar Tid. Mela var i største Flaumen just no, og Vatne gjekk uppunder Djuplagaasane so Kloppi skolv og bivra all igjenom. Um ei Rid naadde me Svartbekken som var saa stor, at Far lout leite seg yvi etter nokre store Steinar; og so kom me til Lauvaai som renn strakst um Sætri — idag var den gamle Kjenningen min so vill og agalaus, at eg kjende ho mest ikje att. Me foor etter Gjeilen ved Grannesætri, gjenom Vinterlede og uppetter Kvei til Sæterhusi; Far lyfta meg ned, lagde Kløvi av og slepte Sota paa Kvei, fann Nykilen or Lumma og læste upp Skutdøri. Me var framkomne.

Underlegt kor framand den gamle Sæterstugo saag ut no, mot ho elles plaga — ho var liksom so laag og nuvut og rædd. Eg tykte alltid ho var so hugleg og tyleg med dei smaae Glasi og dei tjørubrune Veggjom, men no var ho liksom baade uhugleg og