Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/127

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 123 —

enno etter Vintren, naar dykk kjem der so tidleg; men Far din tek fulla Børsa med, so fær dykk skjote eit Skot yvi Stugutake,“ sa Per, det skulde no vera Gaman, men han fortalde meg, at da han i Ungdomen tente paa Bolstad, bad Mannen han Per um aa skjote eit Rifleskot lengst igjenom Fjose i Sjolidi, da dei kom til-sætrar um Sumaren.

Tidleg neste Morgonen hadde Far Kløvi reidig, me maatte ha noko Niste med oss, maa vita, og noko Umbyte med Hosur og slikt, um det skulde verta Vaatver, for me rart alltid verande i Sætri minst tvo Dagar; men det var no ikje større Tyngdi hell eg visst fekk ride „upp-millom“, naar me kom upp Skaarsbrekka og naadde Rinddalen.

So barst det iveg; og „Sota“ ho visste nok fyriaat kvar me etla oss av, Far hengde Beisle paa Kløvsalkroken og let ho gaa som ho fjøl vilde. Det var no ein fæl Veg me hadde den Tidi nord igjenom Kleivane fyrr me naadde Bygdevegen til Heidalen — berre med Nødi han var farande med Øyk. Over „Høgkleivi“ laag Vegen paa 3 torvklædde Stokkar og eit Par Hushøgdir nedunder deg gjekk Otta i grøne Pullar og Kvervlar; fleire Stadir klengde Stigen seg etter Pallom so ytst ute, at du saag Elvi kokte og saud beint ned for Føtom. Men slik hadde Vegen i „Kleivom“ vori etter Ofsin, stundom betre og stundom verre. Naar han vart so galin at det ikje lenger var framkjømt, maatte Grendi koma samen og halde stor Vegarudning, og etter kvar slik Reidsle kunde ein hekla Kar kjøre ei Tunnetyngd paa Slede dei fyrste Aari etter. Men so laakna han smaatt um senn til kvar Vaar, til han kom i det Maate, at han ikje vart framkjøm att, lenger. Og so vart det same upp att.

Verst var det, naar det fall av nokon i Grendi paa Sumarføre, da hende det meir hell ein Gong, at 4 Karar maatte bera Likkista paa tvo lange Stenger etter heile Kleivom. Og um Vintren fyrr Isen lagde seg og det kunde vera Haalkeføre attpaa, so Stigen og Pallane og Legane var som ei Blykaape, da var det „um Live trevle“ aa fara etter Kleivom.

Me kom no vel igjenom dei og upp den bratte Skaarsbrekka og da me naadde Rinddalen lyfta Far meg upp-millom Meisom