Hopp til innhold

Side:Kleiven - I Heimegrendi.djvu/126

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 122 —


Etter Dugurden idag gat Far um, at han vilde fara burti Sætri i Morgon og ha Gjødsli utyvi, Snjofonnine strauk fulla no i dette gode Regne, so dei ikje var til Hinders lenger og det skulde vore gjildt, aa ha gjort fraa seg Sætri fyri Pins. Eg kunde vel gjeva meg med, eg au, so saag eg til med Varmen og kannhende eg kom fraa koke Kaffe’n au, naar eg tok meg Tak, so slapp han hefte burt Tidi med di. Detta var eit Fagnadord i mine Øyro, for noko gjildare hell Sætri visste eg ikje, og so tidlegt paa Sumaren hadde eg enno aldri vore der fyrr, difor vart eg mest fraa meg og tykte det var ei heil Æve til Morgondagen kom.

Rivemakaren, den halvgamle Lauskaren i Grannegarden, kom med ei halv Tylt Rivur Far kjøpte av honom til-sumars, og da han med di same kjøpte eit stort Kippe med Nautband-Spenningar[1] og eit med hovols-vundne[2] Meisvidjur[3], vart detta ein heil Handel so Rivemakaren tykte, han fekk Pening aa hjelpe seg med. Difor slog han seg laus og gjorde Kaffelag attpaa, som han so jemt gjorde heime i Huse hjaa oss. Da Lage var tilskipa vart eg gjord iveg med Bod til Per, som gjekk og rudde paa Vollen; eg visste fyrr eg vilde vera kjærkomi i slik Ærend, og so blidga han seg fulla att etter det, eg kom til aa skitleike han um Morgonen, da han synte Far det siste Tolkniv-Byte sitt. Per lout stødt byte Knivom um det so var kvar Dag, og aldri høyrde du, han hytte utur for seg. „Her, Jakup, skal du sjaa Gut, som heng paa Veden!“ sa han og heldt fram ein litin, utslitin Tolkniv. „Men detta er da ein elendeleg Nabb, Per, — den du hadde fyrr var anna til Kniv, det!“ var eg ferdig aa svara til. „Du kan vera Nabb, du, Staa’ti-Kong!“ sa Per, stakk Kniven i Skeidi att so ybbin, at det yrde av honom. Jau, dette var gløymt da eg bar fram Kaffebodi —: „nei, rett han Hans, du, han er godærugast lell, han!“ og da eg saag det var so fint Ver, maatte eg fortelja honom um Sæterferdi. „Seg berre Huldri ikje er fløtt utor Husom

  1. Nautband-Spenning: Spenningar av Vidjur; Halsband av Jarn var den Tidi lite i Bruk komi og aldri paa Sætrom.
  2. hovols-vundne: som er vundne i Hovollen; Vidjur som var „vinter-vundne“ (vundne i Vintertidi) var sterkare, men ikje so fine.
  3. Meisvidjur: fine Vidjur til aa vøle Kløvmeisar med.