— 121 —
Tuvur. Dei har det aldri verre, Krøturi, hell dette Leite til Marki har røytt; dei svelt og frys, for Dag um annan er det Rosur med kvinande, sur Nordanvind og Yrur med sinte Snøfillur inn imillom. Det er stor Ynk aa sjaa korleis smaatt og stort baade svelt og frys, gaar krøkjest og leitar etter noko aa faa i seg. Endeleg kjem Regne alle har lengtast paa, mildt og godt og med ei dugeleg Bløyte, og da det held upp att um Kvelden er det som allt, baade paa Marki og ute i Skogen, skulde ha kveikna til og skoti Vokst denne Stundi. Elvesøgen er ifullare vorti og Fossen er kvikare i Maale; Otta held paa aa skifte Lit og byrja kreka lenger inn millom Fjøresteinom. Men ingin Stad er det slikt Liv som uppi Gronnskogen nedst i Lidom: der held Maaltrosten slik Leik, at gamle Folk lyt staa lange Stundir aa lyde paa, naar dei er ute um Kvelden fyrr dei gaar og legg seg. Dei kjem inn att med ein Smil yvi heile Andlite: „jau ikveld er han lik seg — no kjem Godvere og Sumaren!“ Og som han let paa Fløita ut etter seine Kvelden, skulde ingen høyre, heller — han slepper den eine kjende Slaatten og tek att den andre i Einingi, gjerer nye imillom som ingen har høyrt fyrr — jau dei skal faa Læti ikveld i den gamle Grendi. So set Galningen paa med alle dei rare Munnkalli sine, erta Folk og neiser dei baade for eitt og hitt, og ei og annor liti Stund fær han ei slik Vill-Rid paa seg, at Slaattane og Hermune vert i eitt Ragl. Hine Fuglane gjev seg med av full Hals, for no er det vorte Hugnad og Glede der inn-i Skogen.
Um Morgonen har Elvi gjøymt dei nakne Fjørune, ho renn graabrun og tung og veltar seg yvi Svai so det sprutar — dei er komne med Føring aat henne i Natt: Finna, Hollungen og Rinda, maa vita, og Dunen fraa Eidsfossen ber til aa lydast yvi allt anna i Dalen. Aakrane har grønkast i Natt so det er reint underlegt aa sjaa det, Regndropane glimar paa det halvvaksne Bjørkelauve i den blanke Morgonsoli, og gjenom heile Naturen kjennest det liksom aa gaa Flogur av Gro-Gir og sprettande friskt Vaarliv — dei siste Avleivune etter Vintren er burtkvorvi.